30.09.2019 Views

Navigare 3 - 2019

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

aktuelt

Det norske flagget blant topp ti

Noreg er nok ein gong blant

topp ti på Paris MoU si

rangering av verdas

flaggstatar.

Kari Stautland

Redaktør Navigare, Sjøfartsdirektoratet

Paris MoU, som er det europeiske

samarbeidet om hamnestatskontrollar,

rangerer årleg verdas flaggstatar etter talet

på inspeksjonar og tilbakehaldne skip. Dei

41 flaggstatane som hamna på White List

i år, har høgast snittkvalitet på skipa sine,

og lågast risiko for alvorlege hendingar.

Noreg har halde seg i øvste sjiktet på

White List i ei årrekke, og hamna i år på

niande plass.

– Dette viser igjen at det norske flagget

er eit kvalitetsflagg. Reiarlaga har hovedæra

for plasseringa, men eit godt samarbeid og

god dialog mellom rederi og flagg er viktig

for å halda seg i toppsjiktet, seier direktør

ved Avdeling for operativt tilsyn i

Sjøfartsdirektoratet, Alf Tore Sørheim.

I tillegg finnes Grey List og Black List,

der kvaliteten er lågare og risikoen

tilsvarande høgare. I år består Grey List av

18 flaggstatar medan 14 hamna på Black

List.

NØGD: Avdelingsdirektør Alf Tore Sørheim fortel at eit godt samarbeid mellom reiarlag og flaggstat er ein

viktig bidragsytar til den gode plasseringa.

FOTO: Sjøfartsdirektoratet

Øvst på White List tronar Isle of Man

(UK), Bahamas, Singapore, Frankrike og

Storbritannia, medan Palau, Komorene,

Togo og Kongo ligg heilt nedst på Black

List.

Tradisjonen tru går medlemsland i

Paris MoU saman om ein felles

inspeksjonskampanje i haust. Frå

1. september til 30. november får

naudsystem og prosedyrar ved

naudsituasjoner ekstra fokus under

hamnestatskontrollane til medlemslanda.

Målet er å sikra at skip er i stand til å

respondera riktig og raskt på naudsituasjonar

for å bevara menneskeliv,

beskytta det marine miljøet og minimera

materielle skadar. Dei vil også gå gjennom

prosedyrane for å sikra at mannskapet kan

betena naudsystema om bord korrekt og

effektivt ved behov.

fakta:

Om Paris MoU

• Regional hamnestatskontroll med 27 medlemsland (EU/EØSlanda,

Canada og Russland)

• Hamnestatskontroll er tilsyn på utanlandske skip, og blir sett

på som eit av dei viktigaste verktøya for å sikra kvaliteten på

skipa som seglar på verdshava. Tilsynet skal passa på at skipa

seglar i samsvar med internasjonale reglar om tryggleik,

hindring av forureining og sjøfolks arbeids- og levevilkår.

• Årleg blir om lag 20.000 skip kontrollerte gjennom Paris MoUsystemet.

Kontrollane blir fordelte mellom dei 27 medlemslanda,

etter kor mange utanlandske skipsanløp dei har.

• Paris MoU gir kvart år ut ei rangeringsliste, den såkalla «BGW

list» (Black, Grey, White List), som er ei oversikt over

flaggstatar som blir vurderte som kvalitetsflagg (White List),

til flagg som blir vurderte som risikoflagg (Black List).

36 | Navigare 3 - 2019

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!