30.09.2019 Views

Navigare 3 - 2019

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

smånytt

INSPEKTØRAR:

Sjøfartsdirektoratets

Frank Olav Haug, Jon

Bjarne Mårstøl, Geir

Sigbjørn Kvam, Dag

Seglem og Trond

Lervåg hadde hektiske

arbeidsdagar med

inspeksjonar av

ferdigstilling av ferja i

sommar. FOTO:

SJØFARTSDIREKTORATET

«Årets skip» er i drift

1. august kunne passasjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet melda at dei var i mål med

sertifiseringa av Color Hybrid. To veker seinare la verdas største plug in-hybrid ut på sin

jomfrutur.

Color Hybrid blei til ved Ulstein Verft og

over 70 prosent av underleveransane er

frå bedrifter i den maritime klynga i

Noreg. Skipet har hausta internasjonal

anerkjenning for sine innovative

miljøløysingar, og blei kåra til Ship of the Year

under Nor-Shipping i juni. Med ei batteripakke

på 4,7 MWh vil Color Hybrid kunne segla 12

nautiske mil berre på batteristraum, lada med

straum i Sandefjord. Skipet er 160 meter

langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til

å transportera 2000 passasjerar og 500

personbilar.

NYE UTFORDRINGAR

– Vår oppfølging av Color Hybrid, også kalla

«verdas største hybridskip» starta med kick

off-møte 09.03.17, og har vore

utfordrande både for prosjektteamet på

hovedkontoret og for inspektørteamet ved

regionskontoret i Ålesund, fortel Erik Johan

Landa fra passasjerskipsavdelinga.

Color Hybrid har NOR-flagg, og er det første

fartøyet der direktoratet har hatt totalansvar

for Safe Return to Port-teknologien.

– Vegen har blitt gått opp undervegs, og

det har vore mange utfordringar og mykje

læring som er god å ha med framover, seier

Landa. Totalt har det gått med i overkant

av 1900 timar frå prosjektstart.

Mesteparten av arbeidet er relatert til Safe

Return to Port-teknologien på skipet.

• Color Hybrid vil kunna segla i ein

time med inntil 12 knop på

batteridrift. Dette betyr at skipet vil

kunna gå ut og inn

Sandefjordsfjorden utan utslepp av

skadelege klimagassar og tilnærma

lydlaust.

• Batteripakken veg ca. 65 tonn,

utgjer 5 mega watt og kan

hurtigladast på ein time.

• Skipet har i tillegg eit

varmereservoar på fem mega watt

som utnyttar varmen både frå

kjølvatnet og eksosen til oppvarming.

• Det er tilrettelagt for god

avfallshandtering om bord med

avlevering til biokraftverk på land.

54 | Navigare 3 - 2019

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!