30.09.2019 Views

Navigare 3 - 2019

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

aktuelt

7 tips for eit sikkert

hummar-fiske

Snart går startskotet. Frå

klokka 08:00 tysdag 1. oktober

kan du fanga hummar over heile

landet.

I 2018 var det ei særs alvorlig ulykke

tilknytta hummarfiske. To fedre som var

sjøvande, omkom i ei båtulykke og kom

ikkje heim til familiane sine igjen etter

hummarfiske. Me i Sjøfartsdirektoratet

ønsker å unngå at liknande skjer igjen, og

oppmodar deg til å tenka ekstra godt på

eigen tryggleik når du gjer deg klar til årets

sesong.

Her er nokre tips du

kan ta med deg

1. Respekter værmeldingane!

Hummerfiske skal berre føregå

under eigna tilhøve.

2. Bruk redningsvest eller flyteplagg!

Det kan vera vanskeleg å halda

seg flytande med masse våte

klede dersom du hamnar i vatnet.

NB! Hugs påbodet om å ha på

deg flyteplagg. Og hugs å sjekka

om den oppblåsbare vesten er

oppdatert, og om du treng ny

gasspatron eller saltvannstablett.

Sjekk datostempling, og skru til

patrona.

3. Meld frå kor du går, og ha med

naudsynt varslingsutstyr.

Mobiltelefon i vasstett pose kan

komma godt med.

4. Ha det ryddig i båten! Pass på at

tau er rydda og ikkje ligg i vegen for

rørsle i båten.

5. Ha tilgjengeleg ein skarp kniv til å

kunna kutte tauverk.

6. Unngå kantring, og tenk difor på

stabiliteten i båten når du stablar

teiner.

7. Ein bør helst vera to personar i

båten under hummarfiske. Me

ønsker deg eit sikkert hummarfiske

og håper inderleg du tenker på

eigen tryggleik.

Tenk med hjarta!

FOTO: MAGNUS JONAS FJELL

Navigare 3 - 2019 | 43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!