21.02.2013 Views

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Men skitt, alle vil vel uansett ha full pakke,

slik at evalueringa av lyden omfattar heile modifikasjonspakken.

Utskifting av diodar er forresten

grunngjeve med at dei nye ladar kondisane

hurtigare, slik at det ikkje vert opphald i spenninga

til transistorane. Eg visste ikkje at dette

var eit problem ein gong. Vanlegvis grunngjev

ein ei utskifting til dei nye, hurtigare diodane

med at desse har mindre vreng, dvs at dei tilfører

lyden mindre forvrenging. Transistorane har

lågare vreng enn dei gamle.

Lyden av eit nytt lytterom

Før avreise til Oslo hadde eg ei skikkeleg

gjennomlytting av anlegget, slik at eg skulle

hugse lyden til dess at eg kom heim med "ny"

forsterkar. Eg gjorde nøyaktige notatar for kvar

plate og melodi. Sidan forsterkaren kom heim ei

veke etter meg måtte eg kople opp ein reserve,

og valet fall på Consonance a 100. Dette er ein

god forsterkar til prisen (kring 5000,-), med ein

relativt klar og frisk lyd, og med ein viss djupne i

lybildet. Det går ikkje lenge før du høyrer manglane,

både den djupaste bassen og den øvste

diskanten vantar, mellomtonen er ikkje så

levande og djup som referansen, bassen er litt

"eintone" og lyden svakt mekanisk, men det

går uansett an å lytte til musikk.

Når forsterkaren min endeleg kom heim, spelte

eg lenge på Consonance før eg kopla om.

Dei fyrste minutta høyrdest det ganske lik ut,

men etterkvart som inntrykket festa seg og dei

nye transistorane brann seg inn, skjedde det

endeleg: "Ah……..musikk."

Dei etterfylgjande kveldane spelte eg musikk

nesten som i ein rus, Kari Bremnes, Bjørn

Eidsvåg, Come Shine, Goran Kajfes, Norah

Jones; og noterte. Det slo meg at det ikkje var

lett å samanlikne direkte før-etter modifikasjonen,

men eg noterte meg særskilt at det verka

som om eg hadde fått utruleg mykje meir informasjon

i mellomtonen. Eg kunne lytte i timesvis

og drukne meg i detaljar og djupne i denne

aller viktigaste delen av frekvensområdet. Min

faste medlyttar Dag var oppløfta, han meinte

lyden var betre på alle punkt, naturlegare og

meir organisk. Dag spelte Charlie Haden

Liberation Orchestra, Hole In The Wall og Steve

Earl.

Kvifor tenkte eg ikkje på det før? Ein kompis

10 min. lengre oppi bakkane har ein identisk

(umodifisert) forsterkar, og denne vart raskt

hanka inn og varma opp. Eg pløygde heile

Norah Jones "feels like home" og kopla deretter

opp den umodifiserte. Etter 3 melodiar slo

eg av. Eigentleg høyrte eg kva som skjedde alt

etter 10 sek av fyrste melodien. Lyden var no

brått lys og tynn, utan oppløysing i mellomtonen.

Men hugs at dette er i direkte samanlikning.

Den umodifiserte er framleis ein god forsterkar,

den nye er berre blitt so mykje betre.

Hugsen min er muligens selektiv, men "oppstramming

av bassen" var alltid nemnt som

reklame for modifikasjonen. Eg vil nesten gå

motsatt veg og sei at bassen er det einaste som

IKKJE er endra, med unntak av at også her –

som i heile frekvensområdet – er oppløysing

høgare. Så når det manglar trøkk på tromma,

høyrer du berre at trommisen ikkje trøkker til.

Lyse og raske forsterkarar får alt heilt feilaktig til

å gå i eit forrykande tempo.

AW 250RM (M for Modifisert) er ikkje mørk,

det er dei andre som er for lyse. Den lyse, harde

biklangen på mange forsterkarar er det typiske

resultat av forvrenging. Det er no åpenlyst at

det er mine eigne høgttalarar som er mørke. Og

det skal ikkje kompenserast av ein lys forsterkar,

men med nye høgttalarar.

Det er altså fyrst og framst i mellomtonen at

det har skjedd store endringar, tilsynelatande i

form av ein dramatisk minke i forvrenging, og

slik sett passar mine erfaringar med denne

modifikasjonen akkurat med Knut Vadseth si

skildring av brukopling av AW 180 i nr 4: "Det

store sjokket kommer imidlertid i presensområdet

rundt 3 kHz. Her er tilsynelatende mye mindre

nivå enn tidligere. Noe er borte. Heldigvis er

det grums og støy som er forsvunnet", og mindre

med Jan Myrvold si skildring av oppgraderinga:

"Lyden blir ordentlig strammet opp, (---)

dvs. strammere og detaljert bass". Men også

Jan peikar på forbetringar over heile fjøla, og

hevdar at oppgraderinga er eit must. "Man får

simpelthen en helt ny forsterker". Eg gjer hans

ord til mine.

Finst det ulemper med denne modifikasjonen?

Ja, dersom du absolutt vil ha ein lyst og

hardt klingande forsterkar for å få full piggtråd

på rockeplatene dine, men då kan du jo like

godt kjøpe ein billeg receiver – og spare store

pengar i same slengen.

Fordelane derimot, for

dei som elskar god lyd og

dessutan har gjort det til

ein altoppslukande hobby

å analysera han i tillegg,

står i kø: Denne forsterkaren

er no så forvrengingsfattig

at du på ein heilt

annan måte kan oppdage

og analysere forvrenging

andre stader i kjeda, og

ikkje minst i opptaket.

Medan du tidlegare

kunne vera i tvil om kva

som skjedde, og ikkje

minst kor forvrenginga

låg, kan du no med sikkerheit

seie: "Dette var ei

skikkeleg dårleg innspelt

stemme".

Eller som Dag svarte

når eg spurte han om det

let godt eller dårleg

(Emmylou Harris, Red Dirt

Girl): "Det let slik det skal

låte. Plata ER slik". Eg

har justert litt på høgttalaroppstillinga

mi i det

siste (noko me skal koma

attende til), gjerne berre

nokre centimeter, men

den samla effekten av ei

meir korrekt oppstilling

og mindre vreng i effektforsterkaren er formidabel.

Først og framst er mitt eige lytterom, med

alle sine resonansar, praktisk talt borte, og

erstatta av opptaksrommet eller scenen kor

opptaket er gjort.

Lydbildet varierer difor meir markant frå plate

til plate enn tidlegare, tilmed frå melodi til

melodi. DETTE er virtual reality! Eg oppdaga

også at "demoplata" til Yello, den som vert

spelt på alle messer og utstillingar, og som eg

har lagt for hat pga lys lyd og digitalt effektmakeri

utan musikalsk interesse, brått let balansert,

"analogt", og med eit vell av musikalsk interessante

detaljar. Til dels langt bak i lydbildet. Og

gode innspelingar vert ikkje avkledd, dei berre

står fram med endå større fylde og klangrikdom.

Norah Jones, som du sikkert gjerne skulle sett

avkledd, får ei stemme som er utrulig mjuk og

levende. "Som om ho er her" er brått ikkje ein

klisjé lenger. Det same gjeld også pianoet til Jan

Johansson (Jazz på Svenska).

Konklusjon

Det er naturlegvis med ein viss motstand at du

leverer inn ein allereie god forsterkar til ein

kostbar modifikasjon. Men etter det eg kan

bedømme, er han verdt alle pengane. Attende

får du ein forsterkar som både er meir behageleg

og meir analytisk. På somme anlegg kan du

berre spele dei beste platene dine, men her er vi

i den gunstige situasjonen at dårlege opptak

vert betre, og gode endå betre!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!