28.01.2015 Views

Elevene ingen snakker om - Utdanningsnytt.no

Elevene ingen snakker om - Utdanningsnytt.no

Elevene ingen snakker om - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fra forbundet

Utdanningsforbundet

Ragnhild Lied | nestleder

FOTO TOM EGIL JENSEN

Korleis få betre

gjennomføring i yrkesfag

Dei siste tala for gjennomføring av vidaregåande

opplæring i OECD-rapporten

«Education at a Glance» (EaG) tyder på at

vi i Noreg ligg lågt samanlikna med mange

andre OECD-land.

Tala i rapporten er frå 2009/2010. Nyare norsk statistikk tyder

på at vi har hatt ein viss framgang sidan då. Internasjonale samanlikningar

må dessutan tolkast med stor grad av varsemd. Gjennomført

vidaregåande opplæring betyr opplæring på ulike nivå i

ulike land. Ulike val av program i ulike land har også verknad for

gjennomføring. Dessutan har elevar i mange land falle frå lenge

før dei kjem til vidaregåande opplæring. Likevel, vi bør ikkje slå

oss til ro med stoda slik den er. Det er spesielt gutane på yrkesfag

som fell ut av opplæringa før dei har fullført.

Reform 94 i vidaregåande opplæring la grunnlaget for ei integrert

yrkesopplæring. Delen av elevar som fullførte opplæringa,

blei meir enn dobla etter at opplæringa i dei fleste lærefaga blei

organisert med to år i skule og deretter to år i bedrift. Tanken bak

og gjennomføringa av ein slik integrert opplæringmodell hadde

og har brei støtte og oppslutning.

Mykje tyder likevel på at praktiseringa av 2+2-modellen er for

standardisert. Både fylkeskommunane som ansvarlege for opplæringa

i skuledelen, og bedriftene og bransjar som ansvarlege

for lærlingopplæringa, har tilpassa seg modellen på måtar som

slår uheldig ut.

Så lenge modellen einsidig er organisert slik at all opplæring

i skule skal vere avslutta før opplæringa i bedrift startar, har

fylkeskommunane mist eller slept taket i totalansvaret for den

fullførte opplæringa. Vi har dessutan opplevd ein tendens til at

skulane driv med generell teoriopplæring og gjer frå seg nesten

all praktisk opplæring til bedriftene. Evalueringa av Prosjekt til

fordjuping viser dette klårt. Skulane sine budsjett til læremiddel

som kan brukast til praktisk nybyrjaropplæring, er altfor låge.

I praksis har mange fylkeskommunar dessutan fråteke elevane

retten til å fullføre opplæringa med fag- eller sveinebrev dersom

dei ikkje får læreplass. I staden er desse elevane slusa inn på allmennfagleg

påbygging, eit tilbod svært mange av dei ikkje har

føresetnader for å klare.

For lærebedriftene og bransjane er det enkelt å skulde alle feil og

manglar ved elevane på skulesystemet. Ved at talet på læreplassar

heile tida har vore mykje lågare enn behovet, har dei fleste lærebedriftene

kunne velje og vrake mellom søkjarane til læreplass.

Samstundes har fleire bransjar aktivt motarbeida at elevar skulle

oppnå fag- eller sveinebrev utan å ha vore lærlingar.

For at fylkeskommunane og arbeidslivet i fellesskap skal ta

ansvaret for at fleire oppnår yrkesfagkompetanse på fagbrevnivå,

og for å utnytte opplæringskapasiteten i arbeidslivet meir

effektivt, meiner vi ein må sjå meir fleksibelt på 2+2-modellen.

Det kan både handle om at av den totale opplæringstida på fire

år kan tida i skule vere på meir eller mindre enn to år, men først

og fremst trur vi at modellar der elevane vekslar fleire gonger

mellom opplæring i skule og bedrift, må utviklast. Med slik fleksibilitet

kan vi utnytte ulik kompetanse og kapasitet i skular og

lærebedrifter på ein betre måte. Slike ulikskapar varierer både

geografisk og mellom bransjar.

Samstundes må vi vere realistiske både med omsyn til nødvendig

standardisering og kostnader knytt til individuell tilpassing. Vi

ser fram til at Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) no skal

utgreie slike meir fleksible opplæringsløp.

«Praktiseringa

av 2+2-

modellen er

for standardisert.»

56 | UTDANNING nr. 15/21. september 2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!