e k s i s t e n s i e l l e s p ø r s m å lMisjonering i frilyntfolkehøgskole?av dag woll e b æ k4 8
Ein skitur på SkardaåsenSola skein over Stormyra på Skardaåseni Gol. Det var blå ekstra-føre ognydelege spor. Det glitra i krystallarog eg drakk meg rusen på oksygen. Idet heile – pensjonistlivet var perfekt.Så begynte det dirre i ei lomme, ogsnart kom lyden. Eg får nemleg ikkjelov å gå på skitur aleine utanmobilen. På displayet stod namnet tilden mannlege redaktøren av Folkehøgskolen.Eg godtok samtalen.Kunne vera artig å fortelje om at hanhadde all muleg grunn til å misunnemeg der han sat i Øvre Vollgate. Menhan påstod han hadde det bra iurbane omgivnader. Derimot haddehan ei utfordring til meg: Kunne egspekulere litt omkring spørsmålet omvi driver misjonering i frilyntfolke høgskole, – og finst det dogmatisketrekk hos oss?Ettersom eg var i godt lune, og detvar lenge til deadline, sa eg ja, ogheldt fram med turen. Men haddefått noko å tenkje på. Før eg kom tilSyningen, og Hemsedalsfjella lågframfor meg, hadde eg avvist heileproblemstillinga. Kviler ikkjegrunn laget vårt på at «Tvang til Tro erDaarers Tale»? Og er ikkje den frilyntefolkehøgskolen pr. definisjonudogma tisk? Fritt lynne og opent sinner jo varemerket vårt.Men så på heimvegen i stakepartietved Fagerdalen, slo tvilen nedi meg. Er misjonering det same sompåverking? Kan vi i så fall seia oss frifor å misjonere?Eg kom aldri fram til noen eintydigkonklusjon den dagen. Og det skullegå lang tid.På kjøkkenet medornitologisk utsiktSnøen er for lengst gått rundtHallingdal Folkehøgskule. I raden avmispelbusker som eg sit og ser pågjennom kjøkkenet, er det eit yrandeliv. Det vrimlar av småfugl, sikkertti–tolv artar. Frå praktfulle dompaparog bokfinkar og lauvsongarar, somhar det meir i strupen enn ifjørdrakta. Eg har lokka dei alle hitmed nokre nevar solsikkefrø kvar dag.Men eg sit med Pc-en framfor meg.For nå må Øyvind Krabberød få svarpå utfordringa si.Eg bestemmer meg for å begynnemed å finne ein definisjon på «åmisjonere» for å få eit slags inntrykkav om dette er ein aktivitet som erutbreidd hos oss. Oppslaget blir:Misjonere = drive misjon; agitereSå får eg prøve å finne ein definisjonav «misjon»: Slik blir resultatet:misjo'n (lat. missio, gen. missionis,'utsending', av mittere 'sende')1. (organisert) verksemd for å spreie einreligion, særleg kristendomen, tilandre folkeslag drive m- i Afrika, Asiaog Sør-Amerika / i bf eint: (sam)namnpå misjonsorganisasjon(ar) gje (gåver)til m-en / kristeleg og sosialt arbeidblant nordmenn drive m- blantprostituerte2. (livs)oppgåve, kall; rettkomen plass,viktig funksjon hans m- i livet var åspreie glede / fråhaldsarbeidet har sinstore m-3. delegasjonMen «agitere» må også forklarast:agite're (lat. agitare 'setje i rørsle'; smhmed agere) freiste å påverke folks syn medovertaling, egging o l; propagandere a- forei sak, eit partiMen redaktøren stilte også spørsmåletom vi ikkje også til tider kunne veradogmatiske i frilynt folkehøgskole. Såvi får gjera nokre nye oppslag, først«dogmatisk»:1. som gjeld, høyrer til dogme eit d-spørsmål2. dogmebunden, einsidig, trongsynt,doktrinær eit d- menneskeOg kvar ei så eit dogme? Jo:1. kyrkjeleg læresetning2. grunnsetning som ein (utan prov el.grunngjeving) går ut frå som sanning,Ja, her bør det vera mykje å ta tak i,ikkje sant du gulsporv der ute, somjagar bort ein grønfink. Men du er vellite dogmatisk, mest pragmatisk trureg. Meir opptatt av føda enn avlære setningar. Men nå må pensjonistengå etter posten. Vi får sjå om detgår an å få trekt ut ein tråd eller toetterpå.Chileaksjonen påHallingdalFolkehøgskuleDet var lite post i dag. Men«Appollon» låg i kassa, eit populærvitskaplegforskingsblad fråUniversitetet i Oslo. Gratis abonnementtil alle interesserte. Godt stoff.Abonner du også! Var dette agitering,tru? Kanskje. Men var det misjonering?Neppe.Vi skal ta ein tur tilbake til midt på1970-talet. Vi hadde i alle fallPinochet-kuppet i Chile i frisktminne. Eg hugsar ikkje om det varein morgonsamling eller i einaktuelt time. Eg heldt eit engasjertinnlegg om situasjonen i landet etterAllendes fall. Og fortalde om Chileaksjonensom ein kunne melde seginn i for å vise solidaritet med deiforfølgde chilenarar. Nei, eg ikkjebare fortalde, eg opplyste om at detvar mogleg å bli medlem, og eg lafram ei liste der elevane kunne skriveseg på. Da alle hadde gått ut avfore dragssalen, hadde omkring 2/3 avelevane meldt seg inn i Chileaksjonen.Var dette påverking? Jo, klart.Men var det misjonering?Og kva med den gongen eg fleire årpå rad hadde studiegrupper medover skrifta «Kriminalitet og samfunn».Hadde eg ikkje ein skjultagenda da eg stort sett forsynteelev ane med litteratur frå Pax, som4 9