12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

er salderingspost. Samstundes blir krava til å laga noko som skil seg fråindustrivarene skjerpa. Kravet til teknisk kvalitet er ikkje alltid større, men til attingen skal ha eit synleg preg av å vera handverk. Diverre gir dette seg av og tilutslag i ei slags påklistra ”primitivisme”. Ein ytre glans vil fort falme. Difor børvi gjera klarare for oss kva kvalitet i handverk går ut på. Berre dengjennomgripande, ibuande og komplekse kvaliteten vil kunne bera handverketpå lang sikt. Vi bør tenkje nøye over kva ved handverket som det er viktig å tavare på.Handverkarane har også mist ein del av marknaden sin til ”designerane”. Deter ikkje lenger tømraren som formar huset, men arkitekten. Han lagarteikningar som tømraren lyt halde seg til. Like eins er det i svært mange fag.Snikkaren har ein møbelarkitekt til å styre seg. Glasblåsaren og keramikarenkan ha ein designer o s b. Dette er så gjennomført at det ordet som står for denintegrerte produksjonen, ordet å maksle, i dag er ukjent for svært mange.Design og arkitektur er rekna som kunst, medan handverk og byggjeskikk ogmaksel ikkje er det. Kunst har høg prestisje i samfunnet vårt. Design i høve tilmaksel har difor også med sosial lagdeling å gjera. Arkitekten og designerenhar høgare status i samfunnet enn handverkaren. Denne skilnaden i status harmed vår historie å gjera. Det er vanskeleg å sjå at det har med menneskelegekvalitetar å gjera. At handverk skulle vera uttrykk for noko mindre utvikla ellermindre verdfullt enn det som kallar seg kunst, er ikkje særleg forståeleg. Det erstor grunn til å tenkje over dette både i høve til utdanning og i høve til måten ibyggjer opp produksjon på.Arbeidsdeling kan vera uttrykk for rasjonalisering at vi gjer produksjonen meireffektiv. Dersom det å lage har verdi kan vi få konflikt mellom måla. Deneffektive produksjonen gjer at gleda med å lage kan minke samstundes somproduksjonen blir billegare. Vi misser gleda ved å plukke bæra når vi kjøper detferdige syltetøyet. Vi misser gleda ved å sy klede når vi kjøper konfeksjon.Kanskje den optimale delinga ligg på eit anna lægje enn i dag. Truleg er detnoko å vinne på at handverket ikkje skal vera salderingspost når det gjeldgraden av industrialisering. Vi bør tenkje over dette både i valet av personleglivsform og i dei politiske prioriteringane.Over tid har handverket skift i sosial status og økonomisk rolle. Det er storeskilnader mellom det regulerte handverket i byane og dei frie handverka påbygdene. Pedagogisk skifter det også mykje. I frie yrke har prinsippet vore ”ålære seg”. Den lærande søkjer kunnskapen av situasjonen. I laug og regulerteyrke var det vanleg med ei organisert læretid og definerte prøver som synte eit10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!