12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Med den siste matrisen har vi 405 ”boksar” i systemet vårt som skal fyllast medinnhald, men enno er vi berre eit stykke på veg med å ramme inn oppgåvene.Enno står det att å gjera ei fagleg inndeling. Kvart einskild fag skal ha singjennomgang i høve dei 405 ”boksane”. Av i alt kring 200 yrkesfag i Noreg erdet om lag 60 vi reknar som handverksfag og av desse 60 er 27 som er såkalla”verneverdige fag”.Om det er kring 60 fag vi skal planleggje for, kjem vi no opp i om lag 25.000”boksar” som skal fyllast med konkret fagleg innhald. Den samla oppgåva somvi har tatt på oss er ganske stor. Eit pedagogisk utviklingsarbeid for handverker ikkje gjort på ein dag. Det blir nokså klart for oss at dette arbeidet berre kanbli av modellbyggjande karakter.I ei samla pedagogisk vurdering er ikkje den faglege inndelinga så liketil. Skalvi ta utgangspunkt i yrke, material, verkty, eller grunnleggjande kroppslegutvikling? På vidaregåande nivå er det rimeleg at inngangen vil vera denyrkesfaglege, men kva med førskole og grunnskole? Kva med høgareutdanning? Vi har stilt spørsmålet før, og vi kjem med det på nytt: Kor mykjeer den allmenne utviklinga av mennesket uttrykt gjennom kulturellerammevilkår og allmenn opplæring er vilkår for utvikling og utøving av yrke?Av di vi kan koma til å operere med andre einingar enn yrkesfag både i barneåraog på høgare nivå får vi neppe trong til å fylle alle dei 25.000 einingane som vihar rekna oss til ovanfor. Poenget for oss er då heller ikkje det eksakte talet,men å få eit uttrykk for at vi står føre eit arbeid av ganske store dimensjonar.Vi har framom preledert ein syntetiserande tankegang. Det fører oss mot eiinndeling etter material og produkt. Vi gjer noko av eit viss slags materiale.At kroppen er grunnleggjande for utøvande av handverket, er det også lagt vektpå. Grunnleggjande motorisk utvikling, til dømes dans, kan truleg vera fellesfor mange handverk. Vi vil ikkje gi svar på alt dette no, men la utviklinga avpedagogikken gi dei svara som etter kvart fell naturleg.47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!