12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

20Det tyder ikkje at handverket er tyst, at det ikkje kan talast om. Svært mykje avdet som skjer kan vi få til ei omtale av. Poenget er at den primæreuttrykksforma er av ikkje verbal karakter. Dette er også eitt av hovudproblemavi strir med innafor eit undervisningssystem som i stigande grad baserer seg påverbal kommunikasjon.Det romlege er avgjerande for tenkjesettet. Handverkaren tenkjer i tredimensjonar. Det romleg tenkjande er noko avgjerande og typisk.Mellom rørsla og forma ligg verktyet og materialen. Rørslene rettar seg motverktyet og materialen på ein slik måte at det blir form. Det tyder athandverkaren tenkjer konkret. Han tenkjer praktisk.Når to eller fleire er saman om eit stykke arbeid, vil dei i utøvande avhandverket mange gonger lota lesa rørslene til kvarandre. Vi kjem seinare innpå ikkje verbal kommunikasjon.Når det er ein ting vi har for oss, utført som handverk, vil spora etterhandverkaren i form av verktyspor og alle dei eigenskapane han har lagt inn itingen vera det vi lyt rette blikket vårt mot når vi skal lesa kva han har tenkt. Vikjem seinare attende til dette ”å lesa ein gjenstand”Poenget her er at handverkaren uttrykkjer seg i andre omgrep enn ord.Omgrepa ligg i rørsle og som eigenskapar i ting. Handverkspedagogikk dreiarseg altså om utvikle rørsle slik at ho både blir eit språk i seg sjølv og slik at hogir ting det tankeinnhaldet dei skal ha.Handverk er både ein måte å tenkje på og eit middel for å uttrykkje dessetankane. Det er nokså likt som for ord. Orda gir oss ein måte å tenkje på ogdei er eit middel til å uttrykkje tankar.TEORI OG PRAKSISNår vi skal gi framstilling av eit emne og avgrense det er det lett for at vioverdimensjonerer skilnader. Ofte lyt vi ”lyge” litt for å få fram ”sanninga”, fåfram dei karakteriserande særdraga. Ein innarbeidd måte å framstille verda littannleis enn ho eigentleg er, finn vi i bruken av ordparet teoretisk og praktisk.Dels står ordparet for å seia noko om å vera klønete og fjern i motsetnad tildugleg og livsnær. Dels står det for innsikt i motsetnad til handlingsmønsterbasert på røynsle, men utan innsikt. Dels står det for å vera ”intelligent” imotsetnad til ”ikkje intelligent”. I dette arbeidet vil vi freiste å ikkje la desse

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!