12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

form som blir laga av material og ved hjelp av verkty og reiskap og ved athandlingane våre er målretta, slik at det blir drag i arbeidet. På vegen lyt viløyse problem og vi lyt vera skapande. Vi lyt samarbeide med andre og vi lytha ei grunnleggjande haldning til heile den totaliteten som vi står innføre.Vi har i framstillinga vår henta døme frå fleire fagfelt. Vi trur at oppdelinga vårhar ein allmenn karakter og at ho såleis er gyldig i svært mange handverk. Detvil frå handverk til handverk vera ulikt kor stor vekt vi skal leggje til dei eineeller hitt punktet. Lukt er viktigare for kokken enn for tømraren jamvel om båenyttar luktesansen i arbeidet. Den romlege dimensjonen er viktigare for densom spinn og for den som byggjer båt enn for den som målar.Kanskje lista av innfallsvinklar burde utvidast til meir enn dei 16. Poengetvårt har ikkje vore å koma fram til det komplette og fullstendige, men å lage eioppdeling som er nyttig og illustrerande. I så måte trur vi ho gjer si teneste,jamvel om seinare arbeid finn å lota endre på mykje.Vi ser av dei 16 punkta ovanfor at ”kunnskap” i forstand teoretisk vitande, sliktsom vi lærer i skolen i snever forstand, i ”klasserommet”, berre utgjer ein litendel av det som handverkaren treng for å kunne utøve faget sitt på ein god måte.Mesteparten av det å bli handverkar går på personleg utvikling, kombinertkroppsleg og mentalt. Det går på å trene og å utvikle kjensle og haldning. Detgår på å strukturere røynsler slik at tradert kunnande, tradert vitande og teoretiskvitande blir bunde saman til eit heile og knytt den handlingsbudde delen av oss.Handverk er noko vi gjer og noko vi vil.Handverk er romleg-rørleg og i ein viss forstand totalt mobiliserande. Detgår ut på å koordinere alt det som vi har lista opp ovanfor og rette det innmot noko vi skal få til.Denne konklusjonen vil få avgjerande innverknad på korleis ein organiserer eiutdanning og korleis ein byggjer opp eit berekraftig fagmiljø.Vi vil dra fram nokre få klare konsekvensar:1. Læreforholdet er personleg. Den lærande er i røynda ikkje knytt til eiverksemd/bedrift, men til eit menneske, til ein meister. Kva slagspersonlege relasjonar er det viktig å dyrke?2. Læreforholdet krev kontinuitet og personleg avstemt progresjon. Når denlærande har nådd eitt steg av trening/innsikt/kjensle/dugleik, er det43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!