12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

24tilnærminga gir perspektiv som praktikaren kan sakne og den praktiske har eifylde som teoretikaren ikkje grip.For oss er det viktig å ha for oss at skilnaden på eit teoretisk vitande og eitkunnande i handverk er så stor som skilnaden på kart og lende. For oss er detviktig å peike på at det å handtere handverk og handverkslaga ting påteoretikarane sine premissar åleine er som å seia at lendet ikkje finst; ”at detberre er kartet som gjeld”. Ei slik haldning kan vera stengjande for det åoppdage kva handverk dreiar seg om.Ein handverkar eg kjenner fekk born som var svært flinke teoretisk. Dei gjekkut av høgskolar og universitet med beste karakter. Faren opplevde likevel atden måten dei tenkte på hadde mist noko vesentleg. Han sa det slik: ”Det erunderleg med dessa som les du, det er plent som om dei misser forstanden”. Vikan risikere at vi misser forståing om vi handterer handverket og handverkslagating på ein teoretisk måte åleine. Vi lyt vare oss for å teoretisere bort. Meir ennein gong har vi opplevd at det skjer.På den hi sida er det noko med perspektiv og prinsipp. Vi lyt vare oss for å bliså praktiske at vi ikkje set det som vi lagar inn i større og meir allment gyldigesamanhengar. Meir enn ein gong har vi opplevd at det skjer. Vi bør prøve åkople dei to måtane å tenkje på. Det gjeld i denne framstillinga. Ho skal tenehandverket, men også virke som argument for teoretisk skolerte. Vi lyt på eigong sjå mot det heile og samstundes vera analyserande og kausale. Det er ei avutfordringane vi har føre oss. For at handteringa av dei ulike delane av dettekunnskapsfeltet skal koma rett på plass i ei opplæring, lyt vi sjå på det heile.Koplingane av tenkjemåtane gjeld også meir allment. Det er ei oppgåve forkvar og ein og for styresmaktene ikkje minst å syte for at den intensjonelle ogromlege tenkjemåten til handverkaren, så vel som den kausale ogtodimensjonale tenkjemåten til teoretikaren får sin plass i oppdraging ogsamfunnsliv. Vi har inntrykk av at den todimensjonale tenkjemåten har vunneein avgjerande siger i dei seinare reformene i skoleverket.Vi lagar ei skriftleg framstilling. Då lyt vi halde oss til den analyserandetradisjonen. Vi løyser opp og ser på delar. Kor vidt vi som handverkaren, er istand til å få delane i hop att til eit heile, får tida syne. Å lage ei omfattandeutgreiing vil ta svært mykje plass. I denne samanhengen er det difor berrespørsmål om å peike retning. Vi lyt også nytte oss av stikkordlister og sværtskjematiske oversyn.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!