12.07.2015 Views

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

HANDVERKSPEDAGOGIKK - Maihaugen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

41(15) KUNNSKAP, VITANDE OG KJENSLE FOR SAMARBEIDIkkje alle handverk skjer i eit samarbeid mellom fleire, men mange gjer det.Om vi ser etter, vil vi sjå at samarbeidet i godt innarbeidde arbeidslag har visseting felles. Mellom anna har dei visse handlingsmønster som er felles for alle igruppa. Kommunikasjonen dreiar seg då om signal knytt til kjente knutepunkti mønsteret. Tørrsteinsmurarane hadde songar. På visse takter i verset tok deisamse tak.Ofte er det ein som leiar i arbeidet, ikkje formelt, men ved å ta initiativ iprosessen. Denne personen syner kva han har tenkt ved måten han brukarkroppen på. Resten av arbeidslaget tek då meldingar av dette kroppsspråket. Iandre tilfelle oppstår det kommunikasjonsbehov når det skjer noko uføresett.Då kan fakter eller ord bli bruka.Poenget her er at samarbeid i utførande av eit handverk svært ofte harinnarbeidd kultur for ikkje verbal kommunikasjon. Dette gjer at arbeid i mangetilfelle kan gå svært godt unna. I andre tilfelle går det heilt i stå. Dette er helstnår personar med ulike verbale språk møtest. Vanskar med samarbeid påarbeidsplassen kan ha utspringet sitt i at felagane er svært ulike når det gjeld åbruke og å forstå meldingar som er gjevne på ikkje verbal måte, men det kanogså koma av at rollefordelinga er uklar. Kven fører og kven følgjer etter idansen?I opplæring til handverkar i dag er det turvande å gjera dei lærande meirmedvitne om det ikkje verbale språket. Samarbeid på ein praktisk arbeidsplasskrev mellom anna:Røynsle og handlingsboren kunnskap for mønster i handling. ikkje verbal kommunikasjon. sosial orden på arbeidsplassenspråktradert vitandeteoretisk vitande.Samarbeid lærer vi først og fremst ved å ta del i ein samarbeidskultur.(16) YRKESKJENSLE, KUNNSKAP, VITANDE OG KJENSLE FORFAGET/YRKETÅ vera ein god handverkar har i høg grad med haldningar å gjera. Vi har kalladet kjensle for faget.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!