11.12.2012 Views

blyttia - Universitetet i Oslo

blyttia - Universitetet i Oslo

blyttia - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

På verdsbasis er det hittil registrert ca. 75 artar

i tettegrasslekta Pinguicula; ein stor del av desse

er i dag sjeldne og treng såleis vern i mange land

då leveområda dvs. myrlendte parti, er i ferd med

å bli øydelagde.

Relasjonen tettegras og insekt er spesiell, og

er eit godt pedagogisk døme på svært særeigne

tilpassingar hos planter. Det vil i særleg grad vere

interessant og lærerikt for elevar og studentar å

observere slike planter under studieutferder i skog

og fjell. Ein vil her kunne studere det meste av det

som er omtala ovanfor vha. enkle handluper utan

å skade plantene. Verknader av eventuelle forureiningar

og miljøendringar i området, t.d. utveiting og

drenering av myrar, overgjødsling, støvpåverknad,

klimaendringar o. l. bør også kunne inngå i slike

undervisingsopplegg.

Vidare lesing

Cutter, E. G. 1978. Plant Anatomy. Part I: Cells and Tissues.

Edward Arnold, London.

Hanslin, H.M. & Karlsson, P.S. 1996. Nitrogen uptake from prey

and substrate as affected by prey capture level and plant

reproductive status in four carnivorous plant species. Oecologia

106: 370-375.

Karlsson, P.S., Thoren, L.M. & Hanslin, H.M. 1994. Prey capture

by 3 Pinguicula species in a subartic environment. Oecologia

99, 188-193

Legendre, L. 2000. The genus Pinguicula L. (Lentibulariaceae): an

overview. Acat Botanica Gallica 147: 77-95.

Mendez, M. & Karlsson, P.S. 1999. Costs and benefits of carnivory

in plants: insights from the photosynthetic performance of four

carnivorous plants in a subartic environment. Oikos 86: 105-

112.

Zamora, R. 1995. The trapping success of a carnivorous plant,

Pinguicula vallisnerifolia, the cumulative effects of availability,

attraction, retention and robbery of prey. Oikos 73: 309-322.

Zamora, R., Gomez, J.M. & Hodar, J.A. 1997. Responses of

carnivorous plant to prey and inorganic nutrients in a Mediterranean

environment. Oecologia 111: 443-451.

Wischmann, F. 1993. Norsk Fargeflora. NKS-Forlaget, Oslo.

Figur 3. Mikroskopisk snitt av enzymproduserande kjertel på

bladoversida hos tettegras P. vulgaris. Toppen av kjertelen består

i dette snittplanet av to enzymproduserande celler; under desse

ligg endodermcella og deretter reservoarcella (pil). Sistnemde

celle ligg i same plan som hudcellene (jamfør figur 2). Vevet er

fiksert i alkoholhaldig Bouin m/pikrinsyre og farga i metylenblå,

snitt-tjukkleik 10 mikrometer, skala er 20 mikrometer.

Blyttia 60(2), 2002

SKOLERINGSSTOFF

Figur 2. Skjematisk skisse av kjertlar på bladoversida hos tettegras

P. vulgaris. Venstre kjertel dannar enzym og er av same

type som vist i fig. 3, høgre kjertel produserer hovudsakleg slim,

som her ligg i ein stor drope oppå kjertelcellene. I begge

kjerteltypane ligg det ei spesialisert celle, endodermcelle (pilhovud)

under kjertelcellene. Nederst i kjertlane ligg reservoarcella (pilar).

Slimkjertelen har også ei avlang stilkcelle mellom endodermcella

og reservoarcella. Slimkjertelen si reservoarcelle og hudcella

mellom kjertlane i skissa er dekte med kutikula på oversida; eit

liknande stoff er også impregnert i sideveggane (pilhovud) på

endodermcellene i begge kjerteltypane. Kutikulalaget er praktisk

talt borte hos alle kjertelceller for å sikre stoffvekslinga.

127

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!