17.07.2013 Views

Utdanning nummer 03 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 03 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 03 2013 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

På tavla

Bøker

Aktuell bok MELD AV Kirsten Flaten, Sogndal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk

Grundig innblikk i kva oppvekst er

Boka «Oppvekst og sosialisering»

syner tydeleg kva som skal til for å

sette born og ungdom i stand til å

ta ansvar for sine eigne liv.

«Et samfunn avheng av neste generasjons moglegheiter

og utvikling» (s. 13) set retning for korleis

boka vinklar temaet. Øyvind Kvello har trekt

inn fl eire forfattarar for å gje eit grundig innblikk

i kva oppvekst inneber, frå individnivå til familie,

barnehage/skule og samfunn generelt. Boka er

grundig og kan ha interesse for ei brei lesargruppe.

Særskilt kapittelet om barnehage og foreldre gav

god innsikt. I boka vert det òg tatt opp ein tendens

til at foreldre no krev individbehandling av barnet,

utan å tenke på at barnet i ein sosialiseringsarena

også skal vere del av ei gruppe. Dette kunne godt

vore grundigare debattert.

Sosialiseringsomgrepet vert grundig gjennomgått.

Synet på born har endra seg mykje, frå

ein barndom som eit forstadium til vaksenlivet,

fram til notidas barndom som har verdi i seg sjølv.

Sosialiseringa inneber at born lærer å styre tankar,

åtferd og emosjonar som ein del av det å lære å ta

ansvar for eige liv. Det meste av sosialiseringa skjer

før fylte 25 år, men det er framleis utvikling etter

dette. Kvello meiner det er ein livslang prosess, og

brukar omgrepet sjølvsosialisering om vaksne si

sosialisering. Risiko for at sosialiseringa ikkje er

god nok, er til stades for born som veks opp med

36 | UTDANNING nr. 3/8. februar 2013

Oppvekstmiljø og

sosialisering

Av Øyvind Kvello (red.)

Gyldendal Akademisk

2012

256 sider

foreldre som ikkje heilt maktar rolla si, svake nettverk

og nærmiljø, og der barnehage/skule ikkje

gjev den støtta barnet treng. Kvello viser fallgruver

som kan vere til stades i born si oppvekst, og

kva born treng for å få ei sosialisering som gjev dei

høve til å verte gode aktørar i sitt eige liv. Juridiske

sider ved oppveksten vert gjennomgått i eit eige

kapittel.

Borns utvikling skjer ikkje i eit vakuum, ho er

sett i lys av biologiske tilhøve og som ein sosial

konstruksjon. Transaksjonsmodellen har god forklaringsverdi

og «dominerer dagens forskingsfront»

(s. 64). I denne modellen er både individet

og omgivnadene i ein interaksjon med gjensidig

påverknad og er i tett utvikling saman. Mennesket

er biopsykososialt, ei kompleks samansetjing av

biologi, psykologi og miljø som samverkar. Kvello

meiner det er umogeleg å redusere mennesket til

ein diskusjon om arv eller miljø – her er det meir

enn «ja takk, begge delar».

Boka gjev godt innblikk i at mykje har endra seg

i borns oppvekst, og ikkje minst kor hurtig alt

har skjedd. For knappe 50 år sidan gjekk berre 2

prosent av borna i Noreg i barnehage, no er det

rekna som eit sjølvsagt tilbod. Diskusjonen om

barnehage handlar no om kvaliteten i barneha-

gen. Barnehagen er i endring, på veg inn i utdanningssystemet,

og skulen har fått tydeleggjort at

om hovudoppgåva er opplæring og utdanning,

så har han òg ei rolle i det å gje omsorg. Å skaff e

kvalifi sert personale for å dekke dei oppgåvene

barnehage og skule etter kvart har fått, vert framheva

som utfordringa framover. Noko grunn til

uro for utviklinga er det når 30 prosent av borna

seier at dei har dagar då det ikkje er godt å vere i

barnehagen. Borna fortel at dei vert erta og plaga

så mykje at dei tykkjer det er fælt. Og for born er

det ikkje alltid like lett å få vaksne til å ta dei på

alvor når dei fortel om slike opplevingar.

Ei anna utfordring som er i ferd med å vekse

fram, er at foreldre stiller større krav til institusjonane

som tek vare på borna. Foreldre har rett til

å krevje at borna får det tilbodet dei er blitt førespegla

i planar for barnehage og skule. Her er nok

foreldre med og driv fram kvalitet gjennom sine

krav. Det som kan verte den største utfordringa,

er at foreldra ser sitt barn og set det individuelle

framfor det at borna er gjensidig avhengige av

kvarandre i eit sosialiseringsperspektiv.

Barnehagen er blitt ein stadig viktigare del av oppveksten.

ILLUSTRASJONSFOTO: TARJEI E. KROGH/SAMFOTO.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!