19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Han vart ikkje gamall; men mykje godt arbeid fekk han

gjort.

I Sand i Ryfylke er han fødd, den 24de mai 1861.[1] Foreldri,

Lars Larsson og Barbro Torkellsdotter, var gardfolk

og velstandsfolk. Innanfor Sandslande (»strandstedet Sand«

stikk det seg tvo lange fjordar inn millom høge fjell: Hylsfjorden

mest beint i aust, Saudafjorden i nordaust; millom

deim er det eit stort skag med mange gardar; tvert yvi skaget

er der eit heller laagt eid (der »Prestavegen« gjekk i den

tidi daa desse bygdine høyrde under Suldalspresten); mest

uppaa Rìse, midveges millom fjordane, ligg Løland. Det er

ein gard med vide aakrar, til i Sandssokni aa vera, og gode

fjellbeite; ein stor skog er der og, velstelt gjenom mannsaldrar.

God gamall bondekultur raadde paa Løland. Garden var

bygd etter den gamle maaten, med ikkje store, men dess

fleire hus (noko slikt som 15 i alt ved desse tidir); umfram

heimehuse var 4 av desse »buir« d. e. hus til aa bu i; kvar

bu hadde ein romleg kjøk og ei stor stogu med »lem« yvi

alt (»lemstove«); eit par av deim vart nytta til gjesterom.

»Gamlebui«, den eldste, stod midt i tune, ho var bygd av

store runde timberstokkar utan bordklædning; dei solsteikte

veggine var hardna og fastna so det beit ikkje øks

paa deím; det maa ha vori ei av dei eldste lemstogur paa

vestlande.

Rasmus Løland voks upp heime millom systkin og kjenningar,

og heldt seg der til han var um lag 30 aar gamall.

Ut kom han ikkje ofte: han var ikring 20 aar, daa han fyrste

gongen kom so langt som til Stavanger.[2] Etter skikken i

bygdi kom han tidleg med paa gardsarbeid og skogsarbeid.

Og daa helsa veikna, so han ikkje lenger orka dei tunge tak,

hadde han jamt eitkvart smaatt aa bala med, so han dreiv

tidi; han svarva koppar og laga tinur eller batt sopelimar;

desse selde han heile baatfarmar av paa Sand.

Eit rolegt og finslegt lag hadde han, som godt folk skal

hava; og stilt fór han, so han vart lite aatgaadd av ukjende.

Men vìt og tanke var der i han; det kunde folk koma til aa

merke som minst vardest. Paa Eimbaatsbryggja i Sandsokni

stod ein dag ein av stortingsmennane fraa Stavanger; det

var rikaste mannen i by’n, og i det heile ein kar som ikkje

turvte sjaa anten til høgre eller vinstre. Han rødde med

Saudabuane og fortalde deim korleis alt hekk ihop. Daa

kom han Rasmus Løland burtaat; han gjekk i tresko og

var elles klædd som ein vanleg bygdakar ein sundagsefta.

Han høyrde paa den store mannen; gav ’n sistpaa eit lite

svar. Grosseraren stod paa sitt, ikkje lite forundra yvi denne

treskokaren, som og vilde hava ei meining. Men Rasmus

Løland hadde endaa eitt og anna usagt; det vart eit heilt

ordskifte. Og folk lo; dei totte han Rasmus hadde likso

mykje rett som stortingsmannen. Denne snudde seg sistpaa

og gjekk; »eg høyrer du skynar dette betre enn eg,« sa han.

103 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!