19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fekk han dette syne kvesst. Daa han sidan kom lenger ut i

verdi, skyna han vel at han i sumt hadde dømt for strengt;

visst er det, at han aldri misste trui paa det gode grunnlage

i folke sitt. Han hev daa vorti ein av dei skildrarane som ein

minst kann koma framum, naar ein vil faa eit sant bilæte av

norskt folkeliv.

I ei av sine siste forteljingar, »Umskifte«, hev han spursmaale

serskilt uppe. Det finst i bygdom ein arv av god, gamall

sed, av vyrdslegt og greidt og fint i tale og aatferd, av alt

dette som ein kannhende »gaar lite naar det er der, men

saknar so svært, naar det vantar«; men det finst og mykje

innestengt; serskilt vert nemnt »all den sure Gudsdyrking«,

kranglesykja, bygdeslarve, »den kovne lufti i dei tronge stovune«,

reinleiks-tilstandi, mothugen mot aa lære gagnlegt

nytt, »um det so berre er aa stelle vitugare med hævdi paa

aakeren«. Skal ein kalle slikt »kultur« – Kultur maa »heller

vera aa koma seg upp or den kovne lufti, sprengje gamle

lekkjur og band og lìvaa med i tankane og framgangen i si

tid«. Difor kann ein halde like fast paa det som der er av

kultur i bygdelive; men ein skal »dyrke og vyrdsle det, og

freiste aa gjera noko betre aa finare av det enn det var«.

Løland viser fram mange av dei trollmagtir som tyngjer

live og gjer det armt og surt. Og alltid held han seg til vanlege

kvardags høve. Til døme kann me taka ei av dei fyrste

sogune hans: »Skuld«. Den vonde magti der er ingin djevel;

ikkje so mykje som ein sakførar; det er han Ola Vikeland.

Bygdemann og bonde. Og han er ikkje urimeleg. Ein lyt

heller segja han fer lempeleg i det lengste. Daa sogo tek til,

er det alt komi langt ned-yvi med mannen i Røysune. Men

han bryt seg so smaa som han kann, og slepp daa sistpaa so

vidt ifraa det. Han ser nok gamall ut, daa Vikeland’en er

gjengin; og det er eit stort spursmaal koss det kann gange

næste gong; men dei lyt »takke Vaarherre og Ola Vikeland

og vera glade til« at det klara seg so vidt i dag. Lesaren vrid

seg; men her er ingin ting aa segja.

Den gamle fagre draumen um ei «høgare styring« ser ein

ikkje meir til hjaa Løland enn i live. Det som ligg under i

alt og sistpaa kjem fram gjenom alt, det er ei livslov som

gjeng sin støde gang, anten so ein vil graate eller laate.

»Skattegravaren« synest vera ei heller skjemtefull sogu um

livsens leik. Men det er ingin leik, naar ein skal sjaa etter.

Kvart stìg kostar, anten det ber att eller fram; for inkje er

inkje aa faa; all misferd krev si bot, og det heller strid bot;

det einaste som ber fram-yvi er: framstræv som ikkje gjev

seg. »Skattegravaren« er eit stykke liv framstelt so, at livslovi

stig fram gjenom hendingane so ein liksom ser ho.

Lars er son av Aslak murar og ei utanbygdes tenesttaus og

halvfente. Lenge er det fantenaturen som raar hjaa Lars.

Men sistpaa vinn arbeidarnaturen seg fram: gilde draumar

lokkar og vinn paa latskapen. Guten narrar seg sjølv stìg

8. Vedlegg 106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!