19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Målet er at arbeidet som kulturskulane i Suldal og Akershus

gjer i samband med dette skal visast for kvarandre, og

i regionen elles, i 2007 og i åra som følgjer. Inspirasjonen

skal liggja i arbeidet til Rasmus Løland

Ansvar: Den kulturelle skulesekken og Suldal og Asker kommunar

Økonomi: Fylkeskommunane gjennom Den kulturelle skulesekken,

organisasjonen med 100 000

6.2.3.2 Læreverk

Nye læreverk skal presenterast om ikkje alt for lenge. Lølandsnemnda

har informert om det som er planlagt i 2007

og fram til 2011, og bede om at arbeidet til Rasmus Løland

og ideane og visjonane hans får plass i dei nye læreverka

som kjem frå sentralt hald, og i den lokale oppfølginga.

Informasjon til kommunane blir og gitt.

Sikra at Rasmus Løland får ein plass i dei nye læreverka

som blir laga for grunnskulen og vidaregåande skular.

Ansvar: Forlaga, Nynorsk i opplæringa, kommunane

Økonomi: Eigen

6.2.3.3 Pedagogiske opplegg

Laga eigne opplæringsopplegg med lærarrettleiing med og

om Rasmus Løland sitt arbeid. Gjennom brev til kommunane

informera og tilby dei å bruka dette.

Målet er å plukka ut om lag tretti 5. og 6.klassar i Noreg

som får vera med på eit prosjekt som skal gå fram til 2011.

Prosjektet skal sjå på kva slags haldningar desse elevane har

til kulturell identitet, nynorsk i opplæringa, kunnskap om

barne - og ungdomslitteratur osv. Intensjonen er å få på

plass eit eige forskingsprosjekt som kan følgja prosessen.

Ansvar: Organisasjonen sjølv og Nynorsk i opplæringa

Økonomi: 100 000 frå organisasjon sjølv og forskingsmiljø

6.2.3.4 Utveksling

Ulike samarbeidsprosjekt mellom skulane i Suldal og Asker

står sentralt i samband med markeringa, og som ei vidareføring

av dette vil eit fysisk samarbeid mellom elevar frå Asker

og Suldal kunna vera med på å styrkja desse prosjekta,

og auka kunnskapen om Rasmus Løland regionalt.

Elevar frå Suldal og Asker inviterer elevar frå andre kommunar

og formidlar sjølv kunnskapen til andre elevar.

Ansvar: Suldal og Asker kommune

Økonomi: Eigen

55 6. Tiltak i markeringa

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!