19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6.5 NYNORSK KULTURSENTRUM

OG DEI NYNORSKE FESTSPELA

Nynorsk kultursentrum i Ørsta vil stå sentralt i markeringa

av Rasmus Løland både i prosjektperioden og etterpå. Nynorsk

kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet på fødestaden

til Ivar Aasen, Dei Nynorske Festspela og nettstaden

www.aasentunet.no.

Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter

for nynorsk skriftkultur som blei opna i 2000.

Senteret har på desse få åra blitt ein svært viktig premissleverandør

og set dagsorden i mange aktuelle saker.

Dei Nynorske Festspela er ei årleg feiring av den nynorske

skriftkulturen. Med eit breidt tilbod av litteratur, musikk,

biletkunst og debatt over fem dagar, er desse festspela ein

av dei få sjangerovergripande festivalane i Noreg.

Nettstaden www.aasentunet.no er den viktigaste nettstaden

for oppdatert informasjon om nynorsk skriftkultur. Nettstaden

inneheld alt mange tusen dokument, blant anna eit

stort nettbibliotek, og blir lagd om våren 2006 for å dekkja

den auka etterspurnaden etter stoff og tenester.

Ved at Nynorsk kultursentrum er blitt involvert alt i første

fase, vil det bli lettare å oppnå at Løland-markeringa får

verknader for arbeidet til institusjonen også i framtida. Institusjonen

vil særleg leggja vekt på tiltak som kan få fleire

til å forma og skriva og bli glade i det norske språket.

Fødselsdagen blir markert i Suldal, livsavslutninga i Asker.

Dette vil seie at Dei Nynorske Festspela kjem midt i livet.

Det vil prega programutviklinga vidare, som nedanfor er på

eit svært uferdig stadium.

Nynorsk kultursentrum arbeider med ei rekkje idear og

programplanar. Løland vil til dømes visa att i opningshøgtida.

Blant dei mest aktuelle tiltaka kan nemnast:

Festpela i 2007 finn stad 21.06 - 24.06

6.5.1 Festspela

6.5.1.1 Festspeldiktar

Dei Nynorske Festspela har kvart år ein festspeldiktar som

i stor grad pregar programmet. Planen er å ha ein barne- og

ungdomsbokforfattar som festspeldiktar i både 2007 og

2011.

Ansvar: Nynorsk kultursentrum

Økonomi: Nynorsk kultursentrum med tilskot frå organisasjonen

87 6. Tiltak i markeringa

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!