19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kona hans – eit greidt kvinfolk, av husmanns- d. v. s. ung

ætt som der er arbeidskraft i – harmar seg yvi mannen sin

lengi, men lyt sistpaa læ. Aa, for mannfolk! Bøte bygd og

land er lett som aa tyggje graut. Men er det ein vegastubb

so lang som halvtridje marahale...Ho trøyster seg med veslegut.

»Du skal verte stor og sterk,« segjer ho, »og gjera det,

som dei no berre røder um!«

– Vilkaari for aandslive paa landsbygdi gjev ikkje mindre aa

tenkje paa; Løland er inne paa spursmaale ofte. At kyrkja

og lækprestane raader aaleine, det gjev ikkje mykje korkje

ljos eller luft; og skulen hev sitt aa stride med. Men den

gamle kulturen vaar døyr burt.

I »Emne« gjev Løland tvo bilæte fraa denne nationale nedgangstid.

Her gjeng eit spelemannsemne og frys burt i den

»gudelege« nattefrosten som herjar bygdi; der visnar eit

diktaremne, innestengd som han gjeng, utan rettleiding og

studnad. Myrke er desse bilæti. Ein hugsar Wergelands ord

um Byron- og Plato-sjælir som »i folkets sværm forgaar«;

freistar kannhende aa trøyste seg med, at sjølve svarte-dauden

fekk ikkje gjort ende paa dette folke. –

– Emne for diktingi er live; kva live er veit me ikkje; men

eit fyrimaal hev det: aa halde seg uppe; og det er det, det

samlar seg um. Det sterkaste i live, grunnmagti i live, er

daa det me kallar elskhug; alt anna vert hjelperaadir eller

hindringar for den. So vert daa og elskhugen grunnemne

for all dikting.

Mangeleis skiftande er dette emne uppe hjaa Løland. Me

hev aalvorsame elskhugssogur (som i »Ungdomsminne«,

»Eit gamalt minne«, »Asmund Aarak«); i »Umskifte« hev

han vel her naatt høgst. Heiltupp uhugleg er sogo um redaktør

Bryn, der elskhugen, lengi utestengd, sistpaa vert

livsfaarleg i staden for livskapande. Men ofte fortel Løland,

meir eller mindre skjemtefullt, um den ærlege landsens

elskhug som enno ikkje hev vorti romantik (»Hans og Margrete«,

»Gamal ungkar«, »Skattegravaren« o. fl.); det skjemtefulle

fær stundom magti (»Nervesliten«, »Naar vanlukke

er ute«, »Huskatten«); kjærleiks vilkaar i denne vanskelege

tid, daa magtine »mat« og »aand« er vidt skilde og endaa

villt blanda, vert ofte løglege nok.

Løland hev set, vel og kjent, elskhugen fraa ymse sidur. So

stilt og fagert som emne er lagt fram t. d. i »Umskifte«, vert

tonen andre stadir spottande; helst gjeld det daa elskhug

som vil vera romantisk, men ikkje kann. Yvi det uromantiske

ægteskap hjaa folke – bygt paa det som er grunnen

i alt elskhugsliv: reir-tanken, heim-tanken, ætte-tanken,

– smiler han stundom, men spottar ikkje. Der ser han livsens

aalvor og livsens vokstr.

»Fri kjærleik« er for honom den elsken som hev rìvi seg

heilt laus fraa naturgrunnen. Live kann laga seg so, at jam-

109 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!