19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

for stìg fram-yvi, til dess han hev lært det han minst av alt

tenkte paa: lært aa arbeide; korleis han so ved eit »tilfelle«

kjem i skikkelegt arbeid, og korleis dette arbeide hjelper

han lenger og lenger fram, gjer han til folk, til Lars Aslakson,

til ein kar som jamvel kann drøyme um Ragna Brekkaa,

dotter til fatig-tilsynsmannen sjølv,» det er fortalt so,

at sistpaa veit du kje av anna enn at du hev kjent desse folki

all din lìvedag. Men enden paa visa er, at Lars Aslakson og

kjærasten hans – ikkje Ragna! – fèr til Amerika. – Forsoning«

– » D’er den forsoning live byd paa i Norig no for

tidi.

Ein stad fortel Løland soga um den norske utvandraren i

Amerika (»Ein draum« i »Folkeliv«). Gamle Ivar Hustveit

ligg i hytta si burt i Jowa og døyr; i sine siste draumar er

han heime. I grunnen hev han alltid vori der. Sitt sanne liv

hev han lìvt der, med alt slit i Amerika. Men ved gravi hans

talar sidan ein annan utvandrar. Og han drøymer ikkje.

Me drøymer gjerne, segjer denne mannen; men drøyme

er faafengt. Me hev den trøysti, sluttar han, »at me hev

arbeidt for borni vaare og deim som kjem etter oss; dei vil

faa det betre...enn dei nokon gong kunde ha fengi det i

fjellbygdine i Norig!« –

– Med alt dette er tidine betre her heime enn dei fyrr var.

Løland fortel ei sogu fraa den gode gamle tidi, daa folk

trudde paa alt, jamvel paa trollkjeringar. Og rolegt og lempelegt

som han fortèl, fær han oss til aa skyna og sjaa, at det

er berre vel at dei gode gamle dagane er farne.

»Ho spurde Vaarherre«, heiter soga um Anne fraa Helle; og

grunn til aa spyrja Vaarherre um eitt og anna – det hadde

Anne fraa Helle so visst.

Me fylgjer henne gjenom eit langt liv. Ho er ærleg gjente;

greid kone er ho med, endaa ho ikkje fekk den ho vilde

havt; og god mor er ho for sønine sine. Men deim misser

ho i krigen; dei hev ikkje raad til aa kaupe seg frie, maa-tru.

Og mannen hennar vert hengd, for noko av det beste han

gjorde i si lìvetid. Sidan held ho seg uppe med sitt arbeid.

Og daa ho ikkje ser aa arbeide lenger, greider ho seg som

andre kloke konur i den tid: med den vesle lækjekunna ho

hev lagt seg til.

Men i ungdomen var ho fager. Og det drog etter seg, at ho

vart valdteki, fyrst av ein kongens kaptein, sidan av den

Guds mann presten. Og daa ho sidan vitnar sanning mot

son til denne Guds mann – sonen er og prest, og hev attaat

stoli kyrkjesylv –, so fær denne sylvtjuven henne dømd for

»trolldom« og brend; og alt folke gled seg og kvad salmar til

Guds ære. –

Naar ein hev lesi sogo »Ufredstider« (i »Jordvend«), so lengtar

ein ikkje att-ende til 1814 dessmeir. Det er ein sundag

um ettervinteren; folke kjem uppskræmt fraa kyrkja: Lande

skal hava krig att. Ny krig. Noko som presten hev tala um

107 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!