19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

vaksne samstundes. Løland er ein av dei fyrste barneforteljarar

i vaare dagar.

Barnetidi hans der inne i fjordbygdi var still og roleg og

svært lite skulelærd, men ei rik, ei lærerik tid. Og naar han

i vaksne aar vart trøytt av spursmaal og kloke ting, so hev

han kvilt seg i sine barneminne. Alt som i han var av barnehug

og sol og eventyr hev livna og livt, naar dei fekk magt;

bilæte etter bilæte hev daa stigi fram og forma seg og fest

seg. Han hadde moro av deim; og han saag tanken i deim;

so skreiv han deim upp.

Kvile- og skaparstundir av dette sæle slage hev han havt

framigjenom si heile arbeidstid. »Litle Eirik og grisen« – ein

smaating som eg hugsar mykje betre enn store verk fraa

same tid – kom i 1888; og barnesogur, for det meste i samlingar,

hev me sidan fraa 1892 (»Paa sjølvstyr«, »Ungar«),

1894 (»Kor vart det av jola –«), 1897 (»Smaagutar«) , 1900

(»Nashorne«), 1906 (»Kvitebjørnen«); ljose, varme, friske er

dei alle; livsens vaar grønkar i deim. Og dei viser, at med alt

han hev gravi og arbeidt og tenkt, so fekk han endaa berga

barne i seg.

Ein les desse sogune upp att og upp att og vert glad av

deim stødt; me bør og etterkvart lære av deim. Dei viser

oss, at barne er sin eigin beste skulemeistar; gjenom sjølvrøynd

og sjølvrøynd upp att og æveleg, og gjenom lag og

leik og strid og krangling og semjing att med jamaldringar

og næraldringar, og dertil med tilsyn og stundom hjelp av

dei »høgare klassur«: dei vaksne og dei gamle, fær barne

livslovine inn i hug og blod; veks som blom og tre av den

næring det sjølv kann finne og melte, lovbundi og fritt

samstundes. Skulane med sine mange paafynstr gjer mindre

ugagn enn ein tidt kunde tru; dei naar ikkje inn til det

som er live hjaa barne, fyrr etterkvart som tid i vert til det.

Det verste i tidir som desse er, at dei med ovlessing og ofte

ubarnsleg »kunnskap« døyver livshug og livskraft meir enn

forsvarlegt er. Folk med uppfostrargaavur vil kunna lære

meir av Lølands barnesogur enn av dei digraste bandi »methodologi«.

For born og ungdom arbeidde Løland i sine seinare aar

meir og meir; han hugsa betre enn dei fleste, at her ligg

framtidi. »Norsk Barneblad« styrde han fraa 1902 til 1907;

og norske eventyr saag han igjenom og gav ut i ei bok, som

borni vil takke han fyri. Ikkje mindre vil dei takke han for

hans fine umsetjingar av framande eventyr og barnesogur;

fleire gode ungdomsbøkar hev han yviført til norsk. Eit

grunnleggjande arbeid fekk han gjort for det norske barneog

ungdoms-bokrike.[6] Til bonde-ungdomslagi sette han

vonir; han skreiv endaa stundom smaae spelstykke aat

deim. Fleire av desse er uppførde, »Aandelige klenodier«

(1895; nytt upplag 1904) mange stadir, »Stevleik« kannhende

paa endaa fleire. I »Stevleik« hev Løland vori inne

paa ein tanke som kjem upp att, naar me vinn so langt:

113 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!