19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

live sitt ut til,« um det so skulde hende, at live var meir enn

»eit andedrag i augneblinken – «

Faafengt hev han ikkje lìvt, Aasmund Aarak heller. Ikkje

berre dei som gjeng aalmannvegen er med. Han er komin

inn i ein avdal for seg sjølv; det er ikkje huglegt der: fullt

av stygge stup og renneskorir og rivjur og bìksvarte hòlur

som ingin ser botn paa; fullt av myrkt, stygt, fælslegt. Og

millom alt dette grev han seg fram aaleine og forkomin; og

ein dag kjem han til aa døy her. Men eitt og anna vent og

rart og fint er det i denne avdalen med aa finne og sjaa; og

er ikkje alt, baade det vonde og det gode, forvitnelegt og

underlegt aa vera med i – Helselaus og svìkin for alt som til

vanlegt heiter liv vilde Aasmund Aarak endaa ikkje ha vori

live forutan.

Naar me les skildringar som desse skynar me, at Løland

sjølv, med alt det han sakna og leid, endaa hev kjent seg

vinnar i livsstriden. Og me skynar hans rolege mod, naar

han saag paa dei mange livsens vanskar og spursmaal.

– Mangeleis ser det smaatt ut, jamvel der vaare vonir helst

skulde vekse. Er det skralt med ægteskapi altfor tidt, barnefostringi

er vist ikkje likare. Naar t. d. (som i »Nervesliten«)

ægtefolk gjeng og diktar kvarandre sjuke, og finn sitt liv

og livs meining i aa »hjelpe« kvarandre, og barne med,

mot all denne innbilning, er det kje so ein lyt baade argast

og læ – Eller som i »Mannsemne«. Sveinkallen er reint i

beit. Han kjem til kjenningar i byen og vil dryfte store

spursmaal; men alt vert upp i tull; for borni kjem i vegen;

og alle desse taapne foreldri, dei steller seg so paa tvers mot

all uppfostringslære, at ein vert reint yvigjevin. Sveinkallen

bergar seg sistpaa upp til ein annan sveinkall; og dei tvo

kjem svært godt til lags um desse ravgalne foreldri. Men

rett som det er tek dei til aa mistru einannan: du vilde visst

og gjerne hava kjering og ungar som verdi kunde sveive seg

um – spyrr den eine; og du skulde vel ikkje hava noko av

den same taatten, du med – svarar den andre. Daa dei kjem

ut paa gata og ser folke som er ute og høyrer paa musiken,

daa undrast han med seg, den argaste av desse karom, kven

det vel kann vera Vaarherre lær mest aat: oss sveinkallar,

som ruslar her i einsleg visdom, eller foreldri, som gjeng

der so byrge og kvar for seg er støde paa, at nettupp deira

born er dei største av alle vidunder – Han kjem til det, at

han vaagar ikkje aa døme i den sak.

Løland hev smilt med seg sjølv aat foreldre tull som aat

sveinkall visdom. Det er live, han trur paa; og han veit av

eigi røynd, at borni er sine eigne uppfostrarar. Det utrulege

hende: sveinkallen vart barnediktar.

Løland hugsa sin eigin barndom. Mintest korleis han og

dei andre smaaingane lærde seg sjølve upp. Og det han

hugsa sette han i sogur, – som høyrer til dei beste barnesogur

me hev. Dei vart til hugnad og til ettertanke for dei

8. Vedlegg 112

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!