19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Løland hadde det soleis; han stakk seg aldri fram; men

galdt det um kva som rett og sant var, so sagde han si meining

beint ut til kven som helst.

Paa amtsskulen var han i 1878. Litin og skral saag han

ut; ingin tenkte dette kunde vera noko. Men læraren fekk

stundom sine tankar. Det var ein gong ein stil av Løland

han lagde merke til; denne stilen viste han til ein bymann

som var komin der ut, ein som han hadde tru til. Bymannen

las stilen, og las han upp att: og han svor paa, at hadde

den stilen vori lagd fram til studenter-eksamen, – det

hadde vorti klaar l.

Enno vaaga ikkje Løland seg til med norsk. Men dei hermingane

han bruka – og han bruka mange slike, som vanlegt

med ungt folk som les mykje – var helst paa landsmaal;

det var som eit merke paa kvar hugen hans stemnde.

Han fekk ei vanhelse-rid, daa han var heimkomin av amtsskulen;

det heittest at han var nerveslìtin og bringeveik.

Sanningi hev vel vori at han var helsebròtin, og at han no

hadde fengi greide paa det. Lunga var veik; og det som

var verst: han hadde eit hjartemein, som naar som helst

kunde verte spelegt. Korleis dette hev vori til aa vinne seg

igjenom, det skynar ein, naar ein les sogur som »Aasmund

Aarak« eller »Diktaremne«.

Augo var og skrale eit bìl. Han tolde ikkje solskin, og minst

glim av sol paa snø; kunde ikkje lenger vera med ute. Til

innearbeid dugde han ikkje heller stort, som helsa no var.

Meir og meir vart det daa pennen, han dreiv tidi med.

Stundom dikta han: laga visestubbar og stev; mange av

desse gjekk sidan i bygdom som andre folkedikt. Ein gong

sende han ei heil »budda« med skrivne ting – paa norskdansk

og norsk – til læraren sin paa amtsskulen. Denne

svara, at det paa dansk var godt, men det paa norsk best;

sidan heldt Løland seg for det meste til landsmaale. Og

dette skreiv han betre og betre, di meir han fekk mod til aa

halde seg til sitt rygske heimemaal.

Han tok til aa skrive i bladi; og sine fyrste sogur fekk han

prenta i »Lauvduskar« VI (»Hans og Margrete«) og i »Fedraheimen«

(»Litle Eirik og grisen«).

I 1891 kjende han seg sterkare att; nytt livsmod vakna.

Han tok seg mannskap fyri og for til Bergen og tala med

Mons Litleré. Og den fyrste boki hans kom: »Folkeliv«

(1891 [3].

Eit par aar etter drog han til Oslo; gjekk landvegen fraa

Suldal og dit. Her fekk han Bertrand Jensen til bokreidar i

den fyrste tidi[4]; sidan var han »husvill« eit bil; dei siste

bøkane hans kom hjaa Olaf Norli og Cammermeyer.[5] Han

skreiv stutt, og gjorde lite braak; men han hadde mykje aa

segja og fortelja.

8. Vedlegg 104

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!