19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

»fridom« tenkjer ingin paa; det skynar alle er berre for storkarane.

Og koma i klørne paa svensken vert altfor fælt; so

fær dei bløde daa, hèr-gutane.

Og sønir lyt burt fraa foreldre, og unge mennar fraa hus

og heim. Minst kann fatigfolk sleppe. Kannhende hev dei

foreldre, eller born som dei med sitt daglege arbeid skal

forsyrgje; men kven bryr seg um det; »fædrelande«, som

aldri hev unt deim noko, krev live deira.

Det gjekk tòllegt den gongen; ufreden vart ikkje lang. Og

det hende, at ein husmann som kom krypling heim att,

fekk so vidt hjelp at han slapp fatigkassa.

At lande var komi under svenskekongen fekk ein finne seg

i, naar det inga onnor raad var.

Den svenskekrigen, me daa so nokorleis slapp, fekk me

elles att sidan paa ein annan maate; seigast vart han i tidine

millom 1860 og 1905. Og um han kosta meir blekk enn

blod, so vart han oss endaa dyr nok. Fraa denne striden

hev Løland sett upp tvo bilæte: »Thingmansemne« og »Ein

framstigsmann« (»Emne«; »Ute og heime«) .

Sogo um thingmansemne kjenner alle som fylgde med i

1880-aari og utetter; det er »historisk dikting« i strengaste

meining. Korleis skulemeistaren Endre Storevik, i thingmansdraumar,

men og i ærleg uppgløding, gjer nytte i

val-striden, og til takk for det vert svikin for jamvel den

minste løni han hadde gjort seg von um, ja avklædd jamvel

si politiske ære, – det fortel Løland, so ein kjenner det att

drag for drag. Sistpaa skynar Endre Storvik sjølv, at han hev

vori eit barn. Førarane i den eine flokken er som førarane i

den andre. »Bygdebaten«, »Landsbaten«, »Framgangen« og

alt sovori, det er talemaatar som dei lokkar smaafolke med.

Og vinningi tek førarane sjølve.

Folke – Nord-i fiskebygdom fylgjer det prest og lækpreikar

og kallar det tru; i storbygdom fylgjer det førarane og talar

um »samfundsorden« eller »framgang«. Mykje vatn fær

enno renne til havs, fyrr folke fær »vilje« og aalmenbaten

vert i sanning fyrimaal for riksstræve.

»Framstigsmannen«, han Sondre, er ein bonde av dei

mange som i 80-aari og daa utetter misste arbeidshugen

og vart bladlesarar, folkemøtesøkjarar, ofte tingdrøymarar.

Siste renningen av ei velstandsætt og sjølv velstandsmann

tek Sondre det rolegt med arbeide; har røder um det som

»skulde vera gjort«; sìt elles og heng yvi bladi, eller talar

politik og gjeng paa møte. Og dømer so sidan, med visdom

fraa bladi, um alle ting, fyrst og fremst um bygdestyring

og landsstyring. Men um jordbruk med. Me lyt faa det til

aa gaa paa amerikansk no, med gognverk og ravkraft og

alt slikt; det duger ikkje med smaaputl lenger, meiner han.

Men vøle vegen til øvreaakeren, som kona bed ’n um, eller

faa burt steinrøysi midt burt-paa vollen...

8. Vedlegg 108

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!