19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Den som »vinn live«, d. e. fær alt som gjeld for liv, vil lett

misse det; den som »taper« det, vinn det heller. Live er ikkje

noko som er tilstelt aat oss som ein rett mat; live er det,

som me sjølve kann gjera ut av det. Per Eik (»Eit gamalt

minne«) forspiller ein lagnad som er lagt serskilt godt til

rettes aat han; i »Tvillingbrørar« vinn sjølve den haremynte

fram til menneskjekaar. Og gjenom ein lagnad som er det

reine villspel, paa tvers av alt som meining skulde vera eller

gjeva, vinn Aasmund Aarak endaa soning yvi sitt liv.

Han vinn seg gjenom daudedalar og endelaus seigpining

og kjem til det, at »sistpaa fær ein kava med all si naud

aaleine« og greide ho som ein med aalvor og ettertanke best

kann. Sjølve kyrkjetrøysti sviktar. Det er ikkje sant, at »alt

fær ei tyding attanfor dauden«; daa kjem den villaste av alle

gaatur: helvite; heile ætti, eit faatal fraarekna, skal daa inn i

ei pinsle som er verre enn alt, og dertil heilt utan meining:

endelaus. Han, som kvar dag gjeng i æveleg pinsle, kjenner

og skynar, at sovori kann ikkje vera sant. Rædsla for

dauden vinn han yvi fraa den stundi han fær mod til aa tru,

at dauden er det han gjev seg ut for; dauden vert daa sjølv

sæla: »fred og kvile for alt.«

Og daa vert live godt med all si liding. Fagert vert det, jamvel

for den helselause. Sjølve naturen hev slik ein rikdom.

Den minste ting, eit tre, ein blom, ei grøn bjørk, ein flekk

blaa himil, ei solstraale...det er det reine vidunder for den

som berre lærer aa sjaa det.

Livslovine er strenge. Fræ, livsvonir døyr og brytst i endelaus

mengd. Men det gjer ikkje noko. Naturi er endaa

meir endelaust rik; auser ut og auser ut liv ustanseleg. Og

live er der, og veks og veks. Gamalt rotnar og veikt folnar;

men det sterke og hepne veks; og soleis vert det livande

alltid meir fullkomi. Like eins med menneskje. Liv og helse

øydest som i ørske; men der er alltid nok av sterkt som

klarar seg. Med alle som sjuknar og døyr: ætti lìver og gjeng

fram-yvi.

Han er sjølv ein av dei renningane som er nedtrødde i

vokstren. Og lengi kunde han ikkje skyna, at han med alle

sine unge vonir skulde forkomast so. Men slikt kann ikkje

all-live tenkje paa. Kryplingane lyt liggje. Og her ligg

Aasmund. Men difor hev han ikkje rett til aa døme tilvære

meiningslaust. Med all herjing og øyding: det som byggjer

upp er sterkare enn det som øyder ned. Og fram gjeng det.

Framtidi kann me ikkje gjera oss tanke um. Kva veit me i

røyndi um det endelause – Live paa jordi kann hava samanheng

med liv og vokstr ut gjenom alle heimar og himlar...

Og attanfor alt og gjenom alt kann det vera »ein allvilje, eit

allvit, eit allmegn, som byggjer og styrer det heile –« »Som

ein til slutt kunde kalle Gud, var-so ein vilde –« »Ein som

det var sjølve live aa høyre til, og som ein trygt kunde ande

111 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!