19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

– Han livde nokre faae aar i – og ikring – Oslo, og var eit

par aar, med rikshjelp, i utlande (Sud-Tyskland), men vart

so i 1902 bonde att: fekk seg hus og hage i »Maalbakken«

(Labraaten) i Asker. Her vart han min granne. Og ein greid

og fredeleg granne var han. Men i arbeidsvegen gjorde han

skam paa meg, reint ut sagt, og det trass i baade ikt og

anna vondt som han drogst med. Baade fekk han mykje

meir skriftlegt arbeid fraa handi enn eg, og det fint arbeid;

dertil dreiv han jordi si so godt, at eg, stakkaren, kom reint

i atterhand.

Siste sumaren (1907) vart han likevel for veik; han laut

hjelpe seg med leigefolk for det meste. Dette lika han ikkje;

men det som laut so vera, det fekk so vera.

Han kunde turvt ein lenger arbeidsdag. Men for sin eigin

part var han roleg. Han var naadd so langt som komande

var – hadde, som Ivar Aasen, naatt høgdi av si tid utan

nokon eksamen, og naatt høgre enn fleirtale av deim som

hev alle eksamenar – ; og han døydde rolegt i den tanken

um ævelegt liv, som han gjenom ærleg ettertanke hadde

vunni seg fram til.

Daa Løland tok til aa skrive, var det visst minder diktarnamne

han tenkte paa.

Det var ting han vilde faa sagt, sanningar som maatte fram.

Men lange bladstykke og kloke bøkar las ikkje folk; vilde

ein faa deim til aa høyre paa seg, laut ein fortelja sogur.

Og no fall det seg so godt, at det var mangt ein gjenom

sogur best kunde faa fram. Berre fortelja sjølve nakne sanningi,

og so kannhende segja nokre ord som slog sanningi

dess meir fast, det var tidt den beste maaten aa preike paa.

Merke etter denne tenkjemaaten tykkjest eg enno sjaa her

og der i hans fyrste sogur. Og eg minnest, at det var ein

rett lang moralsk hale paa sjølve »Skattegravaren«, daa eg

fyrste gongen saag han. Eg skreiv til Løland og sagde at han

burde skjera av den halen; han svare beint ut, at halen var

hovudsaki.

Men lenge varde det ikkje fyrr diktaren fekk sin rett, – til

bate for sanningsforkynnaren med, i røyndi.

– Det tanken hans arbeidde med var spursmaale um vilkaari

for eit norskt folkeliv som skulde kunna vera grunnlag

for eit norskt kulturliv. Og tankane hans forma seg i bilæte

med heilt ut naturalistisk sanning.

Bygdelive kjende han, og det so heilt, at det aldri fekk dikte

seg um for han som det diktar seg um for so mange av oss

andre (smf. »Ei sumarferd og ei attersyn«). Den draumhildring

som fraastand og fraavære gjev kunde ikkje faa magt

med han; han livde heime til han var fullvaksin kar, og saag

alltid med eigne augo; i ungdomen kom han berre so vidt

ut, at han sidan fekk dess klaarare syn for det som heime

kunde vante (som Aasmund Aarak). Og gjenom lesnad

105 8. Vedlegg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!