19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

vel denne elskhugen fær som ein rett (smf. »Umskifte« s.

104); men livsstridig, umoralsk, laatteleg, syrgjeleg er han.

Den unatur, tidsvilkaari i det heile fær lagt inn i dette som

skulde vera naturen i si høgd, livsens bløming og sæle, men

som altfor ofte vert styggedom og sjukdom, – det er ein

livsfaare, som samfundi vaare meir og meir tek til aa skyna

og sjaa. –

– Vanskar ser Løland; men sytar er han ikkje.

Med alt som treng ettertanke: live er ikkje svart. Borni leikar

og spring; ungdomen lær og staakar og elskar og hyggjer

seg til framtidi; dei som eldre er ruslar velnøgde med

sitt arbeid; sorgi og møda tek ein naar ho kjem; og radt

vonlaus er ho aldri; ei trøyst vil det vera kóss det snur. Men

dei gamle trøyster seg til kvila.

Det er ikkje sant at dei er rædde aa døy. Den gamle i »Or

vegen« strævar nok med bøkane. Men han er ikkje uroleg;

Vaarherre lagar det nok. Han hugsar ikkje større paa hi

verdi. Det han mest tenkjer paa er dette underlege, at han

no skal ned i moldi; han fær som ei medkjensle med seg

sjølv, naar han tenkjer paa det. Men elles lìver han i minni

fraa ungdom og barndom. Det er som livsringen bøygjer

seg saman; det barnet trong til aa vekse paa, det treng

gamlingen no til aa kvile seg i. Voni um kvila er sistpaa det

einaste, for honom som for hans. Og so sloknar han ein

dag, som eit ljos naar det er utbrent.

Ungdomen ynskjer at live skal vara æveleg; det hev han

urett i, som Løland viser oss i »Jordvend«.

Ei gjente læt seg lokke av ein trollgut, og fær æveleg ungdom

til løn; med heil hug nyt ho sidan all ungdoms sæle.

Nyt denne sæla, og nyt ho upp att. Men um ho sjølv er

alltid like ung: det som fyrst var sæle, vert sidan – berre det

same og same upp att.

Ja mindre enn det. Det same upp att, det vert ikkje det

same. Gamalt vert det, og det um ho sjølv er ung. Meir og

meir kann ho det alt, kjenner det, veit det; meir og meir

vert ho leid det, trøytt av det. Alt vert inginting. Og alt

dette inginting vert ei tyngd; kva skal ho med det. Ho tek

til aa undrast paa, um dette endelause live ikkje skulde vera

sjølve den »ævelege dauden« som dei gamle talar um. Med

all sin ungdom: ho hengjer seg upp. Men døy kann ho ikkje.

Meir og meir livsleid gjeng ho sistpaa der arg og vond

som eit troll; og daa det endeleg lagar seg so at ho slepp

ut av sitt ævelege liv, kjenner ein, at det var hennar einaste

frelse.

Live er kjært av di det er stutt. D’er dauden som gjer live til

liv, liksom myrke gjer ljose til ljos og sorgi gleda til glede.

Denne tanken stig hjaa Løland ofte fram, stundom med ei

magt sa ein kann koma til aa minnast den evangeliske læra

um krossen.

8. Vedlegg 110

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!