19.11.2014 Views

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

Forprosjekt - nashornet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Asker er ein av Oslo sine forstadskommunar i vest med vel 50 000 innbyggjarar. Bygda,

som er 100 kvadratkilometer stor, ligg lunt til, skjerma mot nord og open mot sør til sol

og sjø. Med sin varierte og mangfaldige natur er Asker ein stad der du kan søkje fred og

ro, men også den andre ytterkanten; ein stad kor bylivet yrer.

Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Kommunen er, med

sine 1 730 kvadratkilometer, den største kommunen i Rogaland, og strekkjer seg frå

øyriket og langt inn i høgheia. Det bur i underkant av 3900 menneske her, og av desse

bur 1200 i kommunesenteret Sand.

Akershus fylkeskommune kransar hovudstaden i landet vårt, Oslo. Akershus fylke

dekkjer 4 900 kvadratkilometer og har i underkant av 500 000 innbyggjarar.

Rogaland er det sørlegaste fylke på Vestlandet, med eit folketal på 398 000. Fylket har

ei flatevidd på 9 325 kvadratkilometer som utgjer ca 2,9% av Noregs totale areal.

Det Norske Samlaget blei skipa 1868 og held til i Oslo. Forlaget gir ut alle typar

litteratur på nynorsk og norske målføre, men også skulebøker på bokmål. Samlaget har

forfattarar og andre medarbeidarar spreidde over heile landet. Rasmus Løland var

medlem av styret i Samlaget i perioden 1903 – 1906.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og gjennomfører

eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av

juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. 19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar,

kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga. Arbeidet er i hovudsak

finansiert gjennom Kulturdepartementet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!