29.07.2013 Views

Aktuelt

Aktuelt

Aktuelt

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

22

Vil ha meir enn

Løytnant Iris Fivelstad ynskjar eit

religionsnøytralt forsvar.

Marineoffiseren vil ha andre alternativ

enn berre prestar i

Forsvaret. No ynskjer Fivelstad ein

debatt om korleis arbeidsplassen

hennar kan bli religionsnøytral.

– Det kjem frå tid til anna prestar

om bord som er med oss til sjøs nokre

dagar som eit tilbod for dei som ynskjer

å snakka med ein sjelesørgjar. Eg

meiner det er på høg tid å tilby oss

som ikkje er kristne eit alternativt tilbod,

seier Fivelstad som er offiser på

fregatten KNM Fridtjof Nansen.

Diskriminerar. For berre ein månad

sidan kom regjeringa med forslag

MAI 2008 F

om å innføra ein religionsnøytral

føremålsparagraf i barnehage og

skule. Fivelstad meiner tida er inne

for at Forsvaret følgjer etter.

– Statistisk sett har me fleire homofile

og lesbiske kollegar. Er ein 20 år

og har vanskar med å akseptera sin

legning, kan det vera tøft å snakka

med ein prest som i utgangspunktet

representerer ein organisasjon som

diskriminerer homofile, seier ho.

Løytnanten får støtte frå idéhistorikar

Beate Børresen ved Høgskolen i

Oslo.

– Det mangfaldige samfunnet me

har i Noreg gjer det vanskeleg å opp-

VIL HA ENDRING:

Løytnant Iris

Fivelstad. Foto: JAN

TORE REMØY, SJØFORSVARET.

retthalde feltprestkorpset utan at andre

religionar får sleppa til. Ein kan difor

setje spørsmålsteikn ved feltprestrolla.

Når statskyrkja gradvis blir avvikla

lyt også feltprestkorpset bli det –

dersom ein ikkje får inn andre alternativ,

meiner Børresen.

Misjonerar ikkje. Sjef for feltprestkorpset,

Alf Petter Hagesæther, påpeikar

at det er fri religionsutøving i

Forsvaret, og at Forsvaret har eit klart

ansvar for å legga tilhøva til rette for

at alle religionar og livssyn skal kunna

utøvast fritt.

– I feltprestkorpset har me eit overordna

ansvar for å ivareta denne viktige

oppgåva, slik at ingen kjenner seg

gløymd eller satt til side. Det er derfor

viktig å halda dørene opne og mellom

anna oppretta kontaktar i tilhøve til

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!