22.09.2013 Views

Utdanning nr. 4/2012 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nr. 4/2012 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nr. 4/2012 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kostar samfunnet nærmare 12 millionar svenske

kroner i utgifter, fordelt på rettsvesen, sosialtenester,

helsevesen og tapte skatteinntekter (Olweus

2010). Olweus meiner utgiftene vil vere like høge i

Norge. Ifølgje desse analysane treng tiltaksprogram

mot mobbing berre å ha ein suksessrate på 1,5 prosent

for å ha betalt seg. Medan mobbeoffera ofte får

problem med depresjon og angst, slit mobbarane

meir med rusproblem, ustabile arbeidsforhold og

konfliktfylte relasjonar til partner. Slik blir mobbarar

og ofra deira «overforbrukarar» av samfunnet

sine helse- og sosialtenester (Olweus 2010).

Opplæringslova paragraf 9a-3

«Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å

fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte

eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør».

Elevar som opplever å bli utsette for mobbing,

skal kunne stole på at skulen, eventuelt i samarbeid

med andre instansar, set i verk tiltak for å

stanse slik åtferd. Skulen må setje konkrete mål for

det psykososiale miljøet, og arbeide systematisk

og planmessig for å nå desse og ha klare rutinar

for korleis problem med mobbing skal avdekkjast

og handterast.

Personalets handlingsplikt står nedfelt i opplæringslova

paragraf 9a – 3 andre ledd: «Dersom

nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller

mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande

ord eller handlingar som mobbing, diskriminering,

vald eller rasisme, skal vedkommande snarast

undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom

det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte

inn» (Kunnskapsdepartementet).

Gruppedynamikken

For å gjere noko med den usynlege mobbinga må

ein ta tak i gruppedynamikken og forsterke oppfatninga

av at mobbing er feil (Flack, 2010). Klarar

ein å få tilskodargruppa til å ta avstand og seie frå,

vil mobbarane miste posisjonen sin. 20 prosent av

jentene er med på å forsterke den usynlege mobbinga,

medan 30 prosent ikkje er involvert i det

heile tatt, og rundt 15 prosent av jentene prøver

å forsvare den som vert mobba. For å kome den

skjulte mobbinga til livs i ein klasse, må lærarane

kunne identifisere igongsetjarane. Skjult mobbing

treng observante vaksne (Flack 2010).

Kartlegging og observasjon

Det viktigaste verktøyet for å oppdage skjult mobbing

er observasjon, god samtaleteknikk og evne

til å analysere dei opplysningane som kjem fram

Kronikk

(Flack 2010). Gjennom observasjon kan ein fange

opp nyansar i samhandling, og dermed bryte

negative grupperingar og mønster då lærar har

nøyaktige observasjonar og tør å handle ut frå

dette (Flack 2010).

Sluttkommentar

Jentemobbing er ikkje lett å få auge på. Difor må

vi snakke om den. Vi må snakke om det i klasserommet,

på fritidsarenaer og ved kjøkkenborda:

Kva kan vi gjere for at alle kan bli med? Kva kan

vi gjere for at ingen står åleine? Vi må bane veg

for empati og sosial kompetanse. Mobbing er

ikkje noko som berre går føre seg mellom mobbar

og mobbeoffer. For å få slutt på mobbing, må

alle i ei gruppe av elevar ta avstand frå mobbinga

når mobbing skjer. Satsing på førebygging kan

auke livskvaliteten for mange elevar og redusere

omfanget av psykiske belastningar og skader som

blir påført barn og unge. Systematisk kartleggingsarbeid

der observasjon, god samtaleteknikk og

evne til å analysere dei opplysningane som kjem

fram, er vegen å gå for å redusere mobbing. At den

einskilde lærar jobbar systematisk og strukturert

med eit sosialt inkluderande klassemiljø, med

observasjonar og tette samtaler med både elevar

og føresette, kan gjere sitt til at barn og unge får

ein tryggare og betre skulekvardag.

Bibliografi

Flack, Tove (2010) Innblikk, et analytisk verktøy

for å forebygge og avdekke skjult mobbing. Stavanger:

Senter for adferdsforskning.

Flack, Tove (2008) Slåsskjempen viser seg fram,

men baksnakkeren må vi søke etter! Hjem & skole

1/08.

Fug (2009) Stopp mobbing. Hentet 05 29, 2011

fra Ein nettressurs for foreldre med barn i skulen:

www.fug.no

Kirkengen, Anna Luise (2005). Hvordan krenkede

barn blir syke voksne. Oslo: Universitetsforlaget.

Konfliktrådet (2011)Konfliktrådet. www.konfliktraadet.no

Kunnskapsdepartementet (1998) LOV 1998-07-17

nr 61: Lov om grunnskolen og den vidaregåande

opplæringa( Opplæringslova) med nytt kapittel 9a

om skulemiljø. Kunnskapsdepartementet.

Medietilsynet (2010) www.medietilsynet.no

Midthassel, Unni Vere , Auestad, Gaute, Roland,

Pål & Solli, Elin (2006) Zero,Temahefte. SAFs program

mot mobbing. Stavanger: Senter for adferdsforskning.

Hvis du emner på en kronikk, er det lurt å presentere ideen for redaktør Knut

Hovland kh@utdanningsnytt.no.

Utgangspunktet er at temaet må være interessant og relevant, og språket

godt og forståelig, for en bredt sammensatt lesergruppe. Stoff som bygger

på forskning, må være popularisert. Det betyr blant annet at forskningsresultatet

er det sentrale i teksten, og at det som handler om metode, har en

svært beskjeden plass. Lengden kan være mellom 12.500 og 17.000 tegn

inklusive mellomrom. Litteraturliste og henvisninger må være inkludert i

antallet tegn. Eventuelle illustrasjoner må ikke sendes limt inn i wordfilen,

men separat som jpg- eller pdf-filer.

«Offeret byrjar å sjå på seg

sjølv med plagarane sine

auge.»

Nærbø, Jens (2008) En ny teknologisk generasjonskløft.

Spesialpedagogikk, 3 .

Nærbø, Jens (2008). Mer om jenter på internett,

Bitches and Bullies. Spesialpedagogikk, 4 .

Olweus, Dan (2010) Mobbing i skolen, hva vet vi

og hva kan vi gjøre? Oslo: Gyldendal Akademisk.

Raundalen, Magne (2007) Mobbing - hva er det?

Verktøykassa

Roland, Erling (2007) Mobbingens psykologi, hva

kan skolen gjøre? Oslo: Universitetsforlaget.

Roland, Erling & Auestad, Gaute (2005) Mobbing

og mobiltelefon. Spesialpedagogikk .

Roland, Erling & Idsøe, Thormod (2001) Aggressive

behavior. Stavanger: Senter for adferdsforskning.

Roland, Erling & Vaaland, Grete (2007) Lærerveiledning.Zero,

Saf`s program mot mobbing. Oslo:

Kirke- utdanning og forskningsdepartementet.

Skotheim, Liv & Vågsland, Anna Holm (2008) Bitching,

en bok om jenter og mobbing. Oslo: Omnipax.

Denne artikkelen bygger på fordjupingsoppgåva

som vart levert som avsluttande arbeid ved studiet

Tverrfaglig vidareutdanning i psykososialt arbeid

med barn og unge ved Høgskulen i Sogn og Fjordane,

2009-11

47 | Utdanning nr. 4/24. februar 2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!