25.01.2015 Views

Utdanning 08/2011 her (pdf) - Utdanningsnytt.no

Utdanning 08/2011 her (pdf) - Utdanningsnytt.no

Utdanning 08/2011 her (pdf) - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ing

For barneskolen

TeKST oG FoTo: Ingebjørg Jensen

> 1. februar blei lærarar og tillitsvalde frå Hunstad

døveskole i Bergen kalla inn til møte med direktøren

i Statped Vest. Snart skulle dei få ei uventa

melding: Hunstad og tre andre døveskular skal

nedleggjast. No kjempar foreldre, elevar og lærarar

for at staten skal garantere for eit tilbod for døve frå

dei fire vestlandsfylka, på Nattland skole i Bergen.

Kunnskapsdepartementet varsla først både

nedlegging og inntaksstopp ved Skådalen skole

i Oslo, Hunstad skole i Bergen og Nedre Gausen

skole i Holmestrand. Heretter skal A.C. Møller

skole i Trondheim vere det einaste statlege tilbodet

om heiltids grunnskoleopplæring i og på

teiknspråk. Grunngjeving: Talet på fulltidselevar

har gått kraftig ned dei siste åra. Etter kraftige

protestar blei inntaksstoppen utsett eitt år, men

avviklingsvedtaket står framleis ved lag.

Første gongen staten prøvde å stengje

døveskulane, var då dei i 1990 varsla nedlegging

av alle statlege skular. Men protestane frå

aksjonen «La døveskolen leve» fekk regjeringa

til å snu. No har Statleg spesialpedagogisk

støttesystem (Statped) lova å styrke tilbodet til

deltidsopplæring på opptil 12 veker per år, og

«vidareutvikle møteplassar for høyrselshemma

elevar, deira lærarar og foreldre, vidareføre og

styrke tilbod om støtte og rettleiing, særleg om

bistand til skular og elevar på ungdomstrinnet».

Korleis det kjem til å sjå ut i praksis, veit ingen.

Foreldre, elevar og lærarar har funne fram

dei gamle parolane og skrive rasande protestbrev.

Dei døve sine organisasjonar er i harnisk.

Barneombodet er bekymra. Mistanke om brot

på både barnekonvensjonen og opplæringslova

får juristane til å ta fram lupa.

Tvillingskule

Dei mest høgrøysta protestane har kome frå Bergen,

der Hunstad skole med 18 heiltidselevar

også står for eit omfattande tilbod til 55 deltidselevar

og eit større tal kurselevar frå over 50 vestlandskommunar.

Debatten i bergensavisene har

vore heftig – med Statped Vest-direktør Steinar

Sandstad som ein stort sett einsleg forsvarar for

nedlegginga. Statped-tilsette har fått munnkorg,

med unntak av dei tillitsvalde.

– Vi meiner ei samlokalisering på ein utvida

Nattland skole kan bli ei god løysing, seier tillitsvald

på Hunstad døveskole, Marit Markeset.

Sidan 2007 har Bergen kommune og staten

forhandla om oppretting av ein tvillingskule

på Nattland skole for døve og høyrande elevar.

Intensjonsavtalen om statleg garanti var på plass

då staten med nedleggingsvarselet nullstilte

forhandlingane. Forhandlingsrunden 10. mars

førte ikkje til avklaring.

Gløymer kulturen

– Talet på fulltidselevar ved Hunstad er halvert

sidan 2005, men reknar ein saman full- og

deltidselevar, er talet om lag det same, seier tillitsvald

Marit Markeset, som har vore lærar på

Hunstad i 20 år. Før det var ho grunnskuleelev

der frå 6. til 10. klasse. Før intervjuet skjønar eg

at eg forstår henne og ho forstår meg, så kvifor

greier ho seg ikkje utan tolk

– Eg skal jo leve resten av dagen òg! Det

er slitsamt og krevjande om ein berre har litt

høyrsel. Det er jo derfor vi kjempar for desse

barna, for at dei skal få eit miljø der dei kan vere

seg sjølv, og der dei kan kommunisere direkte.

No har dei fleste av dei høyrselshemma barna

cochlea-implantat. Men det er ingen som har

blitt høyrande av det enno!

Ho har erfart korleis det er å vere høyrselshemma

blant høyrande barn:

– Små barn leiker saman, men er du høyrselshemma,

fell du ofte utafor. I vanleg skule

var det dei barna som var interessert i å snakke

tydeleg, som valde meg. Eg valde ikkje før eg

kom på døveskule i Bergen.

– Midtlyng-utvalet, som kom med NOU

2009:18 om rett til læring, har tilrådd nedlegging,

utan fagleg grunngjeving og utan konsekvensanalyse.

Dei har heller ikkje sett på

døveskulane, påpeiker Markeset, som meiner

at utvalet sine tilrådingar er eit reint bestillingsverk

for avvikling.

– Heilt i bakgrunnen kjem kulturen og elevane

sitt behov for eit sosialt miljø der dei kan

kommunisere på eit språk dei heng med i. Men

så lytta utvalet heller ikkje korkje til oss eller

elevane då saka var ute på høyring.

Finn morsom kunnskap

om bondens arbeid,

planter, dyr og mat

fra landbruket!

Bestill elevhefter i

nettbutikken på:

bondelaget.no

Nyhet!

Kunnskapsspill

på nett

bondelaget.no/spill

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!