23.07.2013 Views

Rapport 02/2012: Landrapport Kina - SiU

Rapport 02/2012: Landrapport Kina - SiU

Rapport 02/2012: Landrapport Kina - SiU

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

norSK-KinESiSK KonTaKT oG ErfarinG

KJENNER VESTEN/ – Dei

fleste kinesiske studentar

som kjem til Noreg kjenner

allereie vestleg kultur godt,

seier Åse Marsteen Falch ved

HiN. På biletet kinesiske

studentar på ei førelesning

ved BI.

32/SIU RAPPORT 02/2012: LANDRAPPORT KINA

Kinesiske studentar kjenner Vesten godt

– Dei kinesiske studentane veit ein god del om vestleg kultur

før dei kjem til Noreg.

Det seier høgskolelektor Åse Marsteen Falch, som

har undervist i norsk for framandspråklege studentar

ved Høgskolen i Narvik sidan år 2000. Høgskolen tek

kvart år opp eit varierande tal kinesiske studentar til

ingeniørfag og sjukepleieutdanninga. Mange av

desse studentane tek først eitt år med nors kundervisning.

– eg har sett store endringar hos dei kinesiske

studentane over dei siste ti åra. Tidlegare var det nok

eit mykje større kultursjokk å komma til vesten. No

ser me at Kina har opna seg, og studentane er i stor

grad kjende med vestleg kultur. Dette gjeld haldningar,

klede og musikksmak, fortel norsklektoren.

– Før hadde studentane til dømes med seg ein

tradisjonell drakt til festlege høve. Det har dei ikkje

lengre. Studentane er jo stort sett eineborn, og

tidlegare kom dei gjerne frå fattige familiar som

hadde spart opp midlar slik at sonen eller dottera

skulle komma seg til utlandet for å studera. Dette

motiverte studentane til å jobba hardt. No merkar me

at dei er meir velståande, til dømes fordi dei har råd

til å reisa mykje i feriar.

Pratar med eldre

– Norske studentar er nok ikkje så lette å få kontakt

med, trur Falch.

Ho fortel at det tidlegare vart organi sert samtalegrupper

mellom norske og kinesiske studentar, slik at

dei kinesiske kunne få praktisert norsk.

– Det viste seg diverre i stor grad at mange kinesiske

studentar generelt sett synst at norske studentar er

uhøflege og ubehøvla. Dei ville heller prata med

eldre menneske, difor har me oppretta samtalegrupper

med pensjonistar. Dette har stort sett

fungert veldig godt, og mange har kontakt med

kvarandre også etter at vårt opplegg er ferdig.

Norsk tenkemåte annleis

Sjølv om gapet mellom aust og vest har minka det

siste tiåret, er kulturforskjellane framleis store. For

dei kinesiske studentane tek det tid å bli kjend med

det norske utdanningssystemet, meiner Falch.

– Dei kjem frå ein annan læringskultur der kunnskap

og fakta blir lagt meir vekt på enn hos oss. Dei er

vane med å læra på den måten at dei reproduserer

og blir kontrollerte. Diskusjon og gruppearbeid er

nytt og framandt i starten. I tillegg er gjerne norsk

tenkemåte svært forskjellig frå kinesisk.

etter studia ved Høgskolen i Narvik ønskjer dei aller

fleste å bli verande i Noreg.

– Mange får gode jobbar her og blir gjerne nokre år.

Så er det ofte dei er nøydde til å dra tilbake til Kina

for å ta seg av foreldra.

Meir fridom?

Falch trur dei kinesiske studentane ser vest-europa

som ein stad med meir fridom enn Kina, og med

større sjansar for eit godt liv.

– Dessutan er det vanskeleg å komma inn på høgare

utdanning i Kina.

– eg blir godt kjend med studentane gjennom eit

heilt år med norskundervisning. eg har hatt veldig

flinke studentar som jobbar hardt og får gode

resultat, medan nokre så vidt hanglar gjennom.

generelt kan ein vel seia at det store fleirtalet strever

med å læra seg norsk på eitt år. Det er jo ikkje så lett.

TeKST: SIU

Foto: BI

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!