28.07.2013 Views

Menneske først! - Udir.no

Menneske først! - Udir.no

Menneske først! - Udir.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

idé å drive ein slags opplæring i arbeidsmetodar og individuelt ansvar,

inkludert i undervisninga på grunnskulen?

Her kjem vi inn på korleis lærarane bør gripe an den nye situasjonen.

Det er enda viktigare enn før at lærarane høyrer på kvar einskild elev, og

kva han eller ho kan bidra med i undervisninga. Leiaren i klassa blir no

meir ein rettleiar og verdifull bidragsytar enn forelesar. Mi erfaring med

dette er at norske lærarar framleis tek litt for mykje kontroll over klassa

si, men dette kan sjølvsagt ha grunnlag i at ikkje alle klasser tek godt

nok vare på si eiga læring. Her har kvar og ein ein jobb å gjera i si klasse

eller gruppe. Det står i opplæringslova kva læraren sine oppgåver for

å garantera tilpassa opplæring og sikre stor grad av elevmedverknad er.

Men kven fortel oss elevar kva vi skal gjera? Hjå oss går det mykje meir

på å kunna kjenne seg trygg i klasseromsituasjonen, slik at vi får lyst til

å hjelpa kvarandre i skulearbeidet. Sosiale evner er altså viktig.

Lat oss nå gå inn på dei konkrete tiltaka, som blant andre eg har fått

oppleva, og som skal fremja meir engasjerte elevar. Ein ting er å ha moglegheit

til nær sagt å skreddarsy sin eigen skulekvardag. Det kan gjerast

ved at elevane får høve til å laga sin eigen arbeidsplan for kvar veke –

eller alternativt for ein enda lengre periode. Om dette blir vellykka eller

ikkje, står og fell på at det ligg føre periodeplanar eller generelle arbeidsplanar

i alle teoretiske fag – og at faglærarane greier å følgja dei. Dersom

ein da har eit visst timetal i veka til sjølvstudium under rettleiing av ein

eller fleire fagpersonar, er dette eit framifrå høve til å påverke sin eigen

læringsprosess under så godt som heilt frie tøyler. Ulempa her er, liksom

ganske ofte elles, at kvar og ein må ta fullt ansvar og ikkje sluntra bort

tida han har til rådvelde. Som sagt er ikkje alle modne nok til å få delegert

så mykje ansvar. Men eg trur nok at jo større ansvar ein får overlate

til seg sjølv, dess alvorlegare tek ein det. Så, til alle lærarar, pøs på med

sjølvstendig arbeid, så vil klassa fort kunne leggja æra si i å ha fullført

det på eiga hand!

Eit anna verkty for meir motiverande læring er den stadig meir populære

samarbeidslæringa. Ho går ut på å fordele elevane i ei stor klasse

til mindre grupper som arbeider ihop. Innanfor samarbeidslæringa finst

det mange metodar å jobbe utifrå. Veggplakatar med tankekart er min

favoritt. Det går ut på at gruppa, som består av tre-fire personar, får utdelt

eit emne og ein kvit plakat saman med kvar sin tusj. Så skal gruppa

samla skrive og teikne eit tankekart. Er emnet for eksempel «Norsk

litteratur», kan ein i gruppa begynne å skriva og teikna Knut Hamsun

i eitt hjørna, ein annan kan skriva ned det ho knyter til naturalismen,

den tredje kan prøva å få fram kva påverknad Camilla Collett har hatt

på feminismen i Noreg, osb. Til slutt har vi ein flott plakat som inneheld

mange morosame og ulike innfallsvinklar til eit såpass komplekst

tema som «Norsk litteratur». Her er det òg opna for å bruka meir krea-

135

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!