13.07.2015 Views

Utdanning nummer 14 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 14 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 14 2010 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utdanning > nr 14/10. september 2010bokhistorie.Johan Turi– ein samisk vismannSamane bør i år minnast Johan Turi, som for hundre år sidan utga den fyrste samiske boka. Men einbør også heidra ho som hjelpte ham fram i verda, den danske målarinna Emilie Demant Hatt.TeksT: John Gustavsen> Seinsumaren 1904 går nokre menneske avtoget frå Riksgränsen mot Kiruna då det stoggari Torneträsk. Blant passasjerane er det ein samemed hunden sin og to unge kvinner. Undervegshar dei smått kasta blikk på kvarandre. I denvakre kvelden kjem dei i kontakt. Dermed er detgjort. Det vesle vengeslaget frå sommarfuglenskapar sterke kjensler.Dei to kvinnene er Marie og Emilie Demant,som har reist heilt opp til Lappland. EmilieDemant (1873–1958), som studerer biletkunst ogvil bli målar, har det for seg at ho vil læra samaneå kjenne. Men ho vil også måla det vakre ljoset,det vide landskapet med fjell og vidder. Mannendei snakkar med, er Johan Turi (1854–1936);kjend for å vera ein framifrå ulvejeger og forteljar.Dei kan knapt skilja lag, og dei lovar å skrivatil kvarandre. Problemet er at Johan Turi korkjeforstår dansk eller kan skriva. Men ho vil gjernekoma attende når ho har lært seg litt av språkethans. Turi har fortalt ho noko om samane sitt livog at dei svenske styresmaktene trur dei er dyr.Han skal hjelpa til, så dei forstår vanskane somfolket hans har.Heime går Emilie Demant i gang med å studerasamisk, med tanke på den komande studiereisa.Etter ei tid kjem det brev frå Turi.Omslaget av skuleutgåva til «Muittalus sámiidbirra» («Forteljinga om samane»). Boka eromsett til fleire språk, men ikkje norsk.Den 19 år yngre emilie Demant inspirerteJohan Turi til å skrive bok om samefolket.Foto: Borg MeschEi minnestund4. desember 1940. Ved ein lapplandsafton i NordiskaMuseet i Stockholm er Emilie Demant Hatthovudgjest. Ho er tildelt Artur Hazelius-medaljenfor sin innsats blant samane. Ho fortel:«Sommeren 1904 traf jeg for første gangJohan Turi. Det var i et malmtog mellom Riksgrændsenog Torneträsk. Vi følte os raskt tiltrukketav hinanden, men kunne ikke tale sammenfør en finsk medrejsende traadte til som tolk.»Men kvifor hadde ho tatt den uvanlege langevegen mot nord?«Jeg fik da forklared den aldrende Lap medde livlege øjne, at mit store ønske lige fra barndommenaf, var at leve et Aar hos nomaderne.Lappen blev forundret og betraktede mig prøvende,før han svarede at det ønske kunde nokopfyldes, hvis det var opriktigt ment; han vildeda skaffe mig redelige Lapper at bo hos, naar dentid kom.»36 år etter det tilfeldige møtet og fire år etterTuris død takker kvinna for meir enn en medalje:«Jeg havde det mærkelige held at være truffetpå af en intelligent mand, som tilmed havde en,for sit folk, mærkelig interesse for mennesker ogfremmede forhold.»Johan Turi inviterer dei to kvinnene til å blimed til sommersiidaen (siida: «by»). Dei gårom bord i den smale elvebåten som skal fraktadei over den store sjøen, Torneträsk. Turi sit vedårene, og ror så vatnet sprutar inn i båten. Mendei er ikkje redde, mannen er så trygg og munter.Ei livsferdEtter ei tid i dei vakre traktene, der haustfarganetar til å dominere i landskapet, vender dei to kvinneneheim. Emilie er no fanga av den ferda hohar tatt ut på. I København er ho så heldig atprofessor Vilhelm Thomsen ved universitetet denpåfølgjande vinteren undervisar i samisk. Etternokre veker kjem det livsteikn frå høga nord. Ieit nesten uleseleg brev på svensk og finsk stårTuri fast ved kva han har drøymt om: «Jag skrivabok laplivet».To år med lesing og korrespondanse går. Såtek ho vegen mot nord att, åleine. Ho har medseg den samiske ordboka. Ho får bu hjå brorenAslak.Den sjenerte Turi ser ho lite til den fyrste tida.Ulvejegeren er ute på oppdrag. Rovdyra er plagsame.Men så vender han attende, klår til det hanhar lovt ho, å skriva bok.Turi har skaffa til vegar ei gamal stove somvart nytta av gruvebolaget LKAB, LuossavaaraKirunavaara AB. Det er nye tider i samane sittland. År 1900 vart Kiruna by grunnlagt, og to årseinare rulla dei første toga på Ofotbanen.Så kjem hausten, og der sit dei to i ei lita stovei den store fjellheimen. Turi er meir opptekenav geværet på veggen og ulvane som ular omnettene enn av papir og penn. Han stikk stadigunna.Nokon enkel vinter vert det ikkje. Ho strevarhardt med å få den halvgamle mannen tilå skriva. Ho høyrer underlege ord om han, hankan snakka med ramnane. Men han syner honaturen som ei biletbok og samane sitt liv ersjølvaste læreboka. No skriv han laust og fast omlivet deira, om jakt og fiske, fødsel og daud, matog drikke, plantar og medisin, om det å tenkjeklårt på høge fjelltoppar og dunkelt i lukka rom.Ord og bileteJohan Turi si verd var underlege teikningar ogbilete. Han hadde også si svartebok med skildringarav plantar, og han hadde laga kart overstjernehimmelen. Livet på jorda var mykje størreenn som så, det var både eit liv under jorda og eittilvere over, slik ein kunne sjå på sjamanen singoavdi, trolltromme.32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!