25.02.2013 Views

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lyra Dorian:

Do-re-mi

Lyra Dorian er den billegaste pickupen frå norsk-japanskamerikanske

Lyra. Han er mørkere i lyden og mindre

krevjande enn dei dyrare. Men han spelar som ein Lyra!

Lyra Dorian er så ny at han hittil berre er

omtala av Mikael Fremer i Stereophile. Og

det er dumt, for hadde eg brukt litt mindre

tid på tilspeling og litt meir tid på tastaturet

kunne Fidelity vore førstemann ute. (eg fekk

min Dorian før Mikael). Men heller grundig enn

kjapp?

At eg fekk han aller fyrst, skuldast at grunnleggjaren

av Lyra (Stig Inge Bjørge) er ein

kamerat. Det gjer meg inhabil. Dette

pliktar eg å gjere lesarane merksame

på. Dessutan likar redaktøren

dårleg at me testar produkt

som me sjølve har kjøpt!

For å kome problemstillinga i

møte har eg difor med meg min

vanlege medlyttar Dag Helleve,

forfattar og musikk-kjennar, som

for øvrig også var med å starte

opp Vossajazz.

Lyra Dorian er den aller nyaste

av samtlege Lyra. Han er resultatet

av nye tankar om geometri som vart

innført med Argo, som er nest billegast

(mellom Dorian og Helikon), og

som også vil verte ført vidare med Titan

i, som er modellen over Helikon. I`en står

for improved, og denne pickupen erstattar

alle tidlegare toppmodellar.

Dorian, vil truleg koste kring 6700,- i

Noreg gjennom Oslo Hi Fi Center, som er

norsk importør. (Argo vil koste kring 10 000,og

Helikon 20 000. Titan i vil koste kring 40

000.) Helikon er den desidert mest selde av Lyra

sine pickupar, og er den direkte etterfylgjaren til

Tsurugi og Clavis, som eventyret starta med. Til

ein mykje lågare pris enn Helikon må vel Dorian

vere mykje dårlegare? Ja – og nei. Det kjem an

på korleis du prioriterer. Faktum er at Dorian og

Argo er identiske med unntak av nålopphenget

(med stift), kor Dorian brukar eit billegare system

frå Namiki, medan Argo, Helikon og Titan

nyttar tilsvarande deler frå Ogura. Argo vart

introdusert for kring eit par år sidan.

"Play"

Sidan Dorian er nyare enn Helikon, må han også

vere betre, sjølv om han er billegare? Ja – og

nei. Det første vi merkar var at denne pickupen

var lett å gå til. Han er mørk heller enn lys, og

tilgjevande heller enn nådelaus. Denne vil

Gunnar Brekke like! (Gunnar heller til den oppfatning

at Helikon kan helle mot det lyse om

han ikkje vert kombinert med eigna arm og platespelar.

Samanlikna med Dorian, må me vel

faktisk gje han litt rett). Men det tyder ikkje at

90 4/2005

Dorian er slapp i fisken. Dorian er ein typisk

Lyra: Rein, rask, åpen og analytisk, men her med

eit meir avslappa overblikk. Samanlikna med

Helikon, har fokuset flytta seg litt nedover i frekvens.

For det er i mellomtonen denne pickupen

har det. Stykarar og blåseinstrument står fram

med ein kropp og tonalitet som gjer det til ein

fryd å lytte til klassisk musikk,

mange instrument får ein

varme og

klangkarakter som

faktisk kan vere å

føretrekkje framføre

Helikon. Diskanten legg

seg til mellomtonen som ein naturleg forlenging

av denne, utan å trekkje merksemd til seg (slik

Helikon av og til kan gjere). Diskanten verkar

også svært dynamisk, cymballane seier verkeleg

"kræsj", men her ligg kan hende også ein ørliten

resonnans, dette partiet er ikkje fullt så glatt

som på Argo og Helikon, men feilen er ikkje

større enn at det er umogeleg å seie kva som i

realiteten skjer. Det høyrest berre litt ekstra dramatisk

ut. Også bassen heng naturleg til

mellomtonen, utan å vere korkje overdriven eller

tørr. Han er ikkje fullt så fast, rein og dramatisk

som Helikon, men dette er truleg like mykje eit

resultat av Dorian sin noko mørkare og meir

avslappa klangkarakter. Skru opp diskanten, og

hjartet slår raskare. Då høyrest alt meir dramatisk

ut! Dette er eit triks som vert alt for mykje

nytta i høgttalarar for å imponere lyttarane i

Av Stig Arne Skilbrei

og Dag Helleve

butikken, men som du raskt vert trøytt av.

Er det ikkje noko område kor Helikon er

betre? Jau - og her kan me utelata nei. Dorian

og Argo vart konstruerte for å passe til rimelegare

utstyr enn Helikon, og kastar mindre energi

til armen. Desse pickupane er også lettare (kring

6,5 gram), og vil provosere rimelege armar med

slappe lager mindre enn Helikon. Helikon vil ha

ein arm med minimal slark, og kvitterer med ein

mellomtone og diskant som er ultrapresis. Dette

fokuset på diskanten opnar opp for eit rom som

er nesten skremmande. Du ser orkesteret like

mykje som du høyrer det. For ein purist med

topp anlegg er Helikon vanskeleg å koma

utanom. Men ein musikkelskar med

mindre å rutte med enn dagens

boligmeklarar vil ha like stort

utbytte av Dorian.

Svakheiter? På nokre plater

verkar mellomtonen som pickupen

sitt beste punkt, på

andre kan han verke litt

"lett", samanlikna med to

andre pickupar som er reine

meistrar i dette området (den

eine mm, den andre mc).

Fenomenet er truleg frekvensavhengig,

og vanskeleg å

høyre utan i direkte samanlikning.

Det kan tene til å

illustrere at heller ikkje denne

pickupen er perfekt, om

nokon trudde det. Ingen pickup

kan vera alt for alle, og

ein pickup er heller aldri

betre enn platespelaren,

armen og fonosteget han er

kopla til.

"Stop"

Det ser no ut som om SACD og DVD-A floppar,

og at det faktisk vert CD som vert målestokken,

for ei stund endå. Korleis vil Dorian låte samanlikna

med CD? Eller pickupar/platespelarar i det

heile? Det er ei sak eg jobbar kontinuerleg med

for tida, sjølv om eg skreiv litt om det i førre

Fidelity. Så det skal vi nok koma attende til. I

mellomtida: Stell pent med platespelaren din.

Og du vil ikkje gå veldig mykje feil i skogen om

du utrustar han med Lyra Dorian, kanhende den

beste allround-pickupen frå Lyra hittil.

Pris. Ca kr.6.700

Importør: Oslo Hi-Fi Center

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!