25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

1.0 Innleiing Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Friluftsliv

Ein av dei store fordelane med å bu og vekse opp i Fjærland, er moglegheitene for å drive

friluftsliv. Jakt og fiske har lange tradisjonar i området, men og aktivitetar som brevandring og

vanlege fjellturar har gode vilkår i bygda. Moglegheitene for å drive med aktivitetar på fritida vert

nok berre meir og meir verdsett og særleg friluftsopplevingar i den særeigne og storslagne

naturen i Fjærland (nasjonal status gjennom verneområde). Kraftutbyggingar treng ikkje påverke

utøvinga av friluftsliv, men grunna allemannsretten som er veldig sterk i Noreg, har desse

interessene rettar som må takast omsyn til.

Sysselsetting/lokal verdiskaping

Folk i Fjærland driv med mykje forskjellig. Turisme, servicetenester og landbruk er dei viktigaste

sysselsettingane i bygda. Ein del pendlar både til Førde og Sogndal. Generelt i landet vert

tenesteytinga stadig forsterka og produksjon vert mindre viktig. Særleg innan landbruket er dette

tydeleg. Korleis ei utvikling med kraftutbyggingar i dei ulike områda av området vil påverke

sysselsetting og den lokale verdiskapinga vert vurdert under dette temaet. Under dette temaet

er det og naturleg at busetnad vert diskutert.

1.4.4 Metode landskapsevaluering:

For å fange opp variasjonane og gje tilfredsstillande vurderingar av landskapet og verknader i

høve potensiell utbygging av småkraftverk, vil omtale og vurdering av landskap skje på fleire

nivå;

- Overordna landskapsskildring

- Delområde (verdsetting av natur-kultur og landskapsverdiar)

- Vassdrag (vurdering av konfliktpotensial i høve utbygging)

Overordna landskapsskildring

Dei landskapsemessige hovudtrekka er skildra på overordna, felles nivå for heile Fjærland.

Innanfor dette samla og klårt avgrensa landskapet er det igjen identifisert 6 landskapsområde,

eller einskaplege delområde der det er mogleg å skildre landskap, natur, kultur og

opplevingsmessige samanhengar i ein relevant målestokk.

På overordna nivå vil landskapsregionen vere retningsgjevande for seinare verdivurdering av

delområda.

Landskapsregionar:

Noreg er delt inn i 45 landskapsregionar. Inndelinga tek utgangspunkt i dei store og samlande

karaktertrekka i landskapet (Elgersma 1996). Desse landskapsregionane er skildra (Puschmann

2004) gjennom ei analyse av fleire landskapskomponentar, som hovudforma til landskapet,

småformer i landskapet, vatn/ vassdrag, vegetasjon, jordbruksmark og busetnad/tekniske

anlegg. Deretter vert samspelet mellom dei ulike landskapskomponentane som til saman dannar

landskapskarakteren til regionen skildra. Landskapsregionar er først og fremst ei referanseramme

for å sjå kva for hovudtype ”lokallandskap” ein er i. Vurderinger er knyttet opp til relative

samalikningar mellom landskapsområde innanfor den landskapsregion man er i.

Einskaplege delområde

I eit oppbrote, men storskala landskap med fjord og gjennomgåande, større dalområde, kan det

vere vanskeleg å gjere ei avgrensing av området som skal vurderast på ein meiningsfull måte. I

denne utgreiinga nyttar ein omgrepet ”delområde” for å synleggjere at t.d. Fjærlandsfjorden er

ein heilskap som kan delast inn i flere delområde som folk flest vil kunne oppfatte å ha ein indre

samanheng (einskap) som skil det frå eit naboområde. Delområda tek utgangspunkt i ei romleg

avgrensing og fungerer på eit landskapsmessig skalanivå som samsvarer med landskapsformer

og arealstorleik som folk orienterar seg etter og opplever når dei ferdast gjennom landskapet.

Grender vil ofte kunne utgjere eit delområde.

I mange tilfelle vil det ut frå skalaforhold og topografi ikkje vere mogleg å få overblikk over heile

området medan ein er ute i terrenget. Ein vil likevel kunne oppfatte og forstå overgangar mellom

delområde når ein rører seg gjennom eit dalføre eller langs ei fjordside.

Samanstilling av REGINE einingar til delområde:

Landskapsvurderingane er knytt opp til realisering av potensial for vasskraftutbygging.

Arealinndelinga tek difor utgangspunkt i dei eksisterande nedbørfeltgrensene som finnast i

REGINE-systemet, utarbeidd av NVE. REGINE-systemet er bygd opp kring ein stadig større

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!