25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2.0 Fjærland Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Særskilde artar: Av engartar som indikerer gamle driftsformer (Losvik 1996) er blåklokke, karve,

tiriltunge, blåknapp, kvitmaure, småengkall og fuglevikke registrerte. Gulaks, ein typisk

naturengart (Jordal & Gaarder 1995), førekjem også i lokaliteten.

Rauboteelvi:

Verdi Lokal verdi (C)

Det vart gjennomført synfaring av Multiconsult på tolv aktuelle elvestrekningar den 30. - 31. mai

2006. Naturtypen bekkekløft vart då påvist langs midtre og øvre del av Rauboteelvi. Elva går her

gjennom eit djupt elvegjel med fleire mindre fossar og truleg og fosserøyksamfunn. Dei

topografiske forholda (svært bratt og utilgjengelig) gjorde at det ikkje var mogleg å ta seg inn i

denne bekkekløfta av sikkerheitsmessige grunnar, og vurderinga er derfor basert på et noko tynt

datagrunnlag. Bekkekløfta er sørlig eksponert, noko som reduserar potensialet for fuktkrevjande

artar. Nye undersøkingar i samband med ei eventuell konsesjonssøknad vil kunne endre denne

verdivurderinga.

2.4 Verneområde

Det er to område i Fjærland som er verna etter naturvernlova:

- Jostedalsbreen nasjonalpark:

Den største isbreen på det europeiske fastlandet. Nasjonalparken har eit total areal på

1310 km 2 og er hovudsakleg høgfjell og isområde. I Fjærland famnar nasjonalparken

om fjellområda som omkransar Bøyadalen og Supphelledalen.

- Bøyaøyri naturreservat:

Deltaet er bygd opp av lausmassar som er tilført området via elvevatnet. Det føregår

ei kontinuerleg utbygging av landområdet. Etter utført elveforbygging vart vatnet leia

unna den gamle deltaflata. Dermed kan ein her snakke om relikte former av eit daudt

delta (Statens kartverk 2001b). Likevel har store delar av land-delen til deltaet framleis

formene (gamle elvefar og kilar) intakt og her har fuglane ein tiltrengt raste- og

hekkeplass. Spesielt i vår- og hausttrekket er deltaet viktig for ande- og vadefuglar. I

alt 101 fugleartar er registert i naturreservatet.

Ingen av verneområda vert direkte påverka av dei småkraftprosjekta som er vurdert i denne

rapporten. Fleire av prosjekta ligg likevel like inntil Jostedalsbreen nasjonalpark. Inngrep i

buffersona/nærområdet til eit verneområde kan være problematisk, og det er omtala nærmare

for kvart prosjekt.

2.5 Kulturmiljø

Fjærland har eit rikt kulturlandskap og dalane rundt Jostedalsbreen fortel om busetnad langt

tilbake i tid. Dei fleste sidedalføra i Fjærland har spor etter støls- og seterdrift og nokon stadar er

stølane godt teke vare på. Gamle støls- og setervegar vitnar om mykje ferdsel mellom dalføra.

Bevaring av kulturlandskapet er ei bevist satsing frå lokale krefter og kommunalt hald. Gjennom

prosjektet ”Spons ein sau”, har Fjærland sett fokus på viktigheta av å oppretthalde sau på beite

for å unngå gjengroing.

Det er registrert tre automatisk freda kulturminne i Fjærland. Det er to gravminne i Bøyadalen og

ved Bjåstad i tillegg til kirkestaden i Mundal. I tillegg er det mange SEFRAK-registrert bygningar

som det er knytt stor lokalhistorisk verdi til.

Kunnskapsnivået for kulturminne i Fjærland er nok framleis veldig mangelfullt, men det er mykje

som tilseier at potensialet for nye, store funn er størst i lågare delane av dalføret (kor forholda

for busetnad var best) og i samband med stølsmiljøa. Mange av dei aktuelle småkraftprosjekta

er lokalisert i bratte og ofte lite tilgjengelige område (bl.a. Rauboteelvi, Tverrelvi, Tverrdøla og

Botnagrovi), kor det og i tidligare tider har vore liten menneskeleg aktivitet. Dei fleste av dei

aktuelle prosjekta er vurdert å ha små konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø, men dette er

nærmare omtala for kvart prosjekt.

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!