25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2.0 Fjærland Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

2.6 Friluftliv

Fjærland er ei bygd med mange moglegheiter for å drive med friluftsliv, og det er ein viktig

kvalitet for innbyggarane. Friluftsliv er eit omfattande omgrep som dekker mange aktivitetar som

fjellturar med og utan ski, brevandring, sykling, hesteriding, jakt, fiske, fugletitting, bading/båtliv

og fleire andre aktivitetar. Nokre av aktivitetane er knytt til tilrettelagde avgrensa område, mens

andre aktivitetar er knytt til meir generelle område og kanskje spesielt område som ikkje er

tilrettelagd. Eit eksempel kan vere bading på offentleg tilrettelagd strand som er viktig for

mange, men badeområde som ikkje er så lett tilgjengeleg kan og vere viktig, særleg for lokale.

Enkelte friluftsaktivitetar og opplevingar er meir generelle og ikkje direkte knytt til eitt område.

Desse kan likevel vere viktige, både lokalt, regionalt og nasjonalt:

- Det meste av kommunen vert nytta til turar enten til fots eller på ski. Mens

enkelte skal høgt til fjells, kan andre ha stor glede av ein tur i skogen bak huset.

Sjølv om det ikkje er tilrettelagd sti i eit område, kan område vere viktige for

enkeltpersonar og det er viktig at det vert teke omsyn til.

- Kulturlandskapet og den gamle jordbruksdrifta har prega Fjærland. Både

landskapet og folka er forma av denne historia. Mange har stor glede av å nytte

gamle stølsvegar og oppleve slåttemarker og stølsvollar. Dette er ein del av

kulturmiljøet, men og eit viktig element i opplevinga når ein driv friluftsliv.

Kraftutbyggingar bør ikkje redusere desse opplevingane som kanskje særleg er

viktige for lokale.

- Jakt er ein ressurs som i stor grad vert drive av lokale i Fjærland. Hjortejakt er den

viktigaste jakta og spreidd over heile område, men det vert og jakta småvilt

spreidd over heile område. Det er ikkje villrein i området og det er heller ikkje

opna for elg- og rådyrjakt. Fjærland er delt inn i to hjortesoner. I tabellen under er

utvikling av hjortejakta dei siste åra sett opp. I snitt har fellingsprosenten vore

kring 65 og for Fjærland. Det ligg viktige vinterbeiter i Balestrand kommune.

Sjølv om nokre område gjev betre haustingsresultat enn andre, er ein stor del av

oppleving knytt til jakt ofte turen, natta på post eller samhaldet i jaktlaget.

Tabell 4: Utvikling av fellingsresultat frå 1998 til 2005.

1998 2000 2002 2004 2005

Hjort 87 79 104 123 102

Friluftsaktivitetar kan vere meir knytt til enkelte konkrete område. Under er det sett opp ein tabell

som i grove trekk peikar ut område i Fjærland som er viktige for den aktiviteten. I desse områda

må det takast ekstra omsyn til desse aktivitetane slik at dei kan oppretthaldast og halde fram å

vere ein viktig ressurs for lokalsamfunn og tilreisande.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!