25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

5.0 Samla vurdringar Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

5.0 SAMLA VURDERINGAR

5.1 Positive trekk ved utbyggingane

5.1.1 Økonomi

Kraftmarknaden har vore i stor endring dei siste ti åra og etter at Noreg vert med i den felles

nordiske kraftbørsen, har særleg prisen på sommarkraft auka veldig mykje. Dette påverkar

særleg elvekraftverk i indre Sogn som ikkje har moglegheit til å lagre vatnet til vinteren, men har

stor produksjon i sommarhalvåret. Generelle forbrukstrendar med auka forbruk av elektrisk

straum gjev og forventningar om høge prisar fram i tid.

Prosjekta i Fjærland har ulikt økonomisk grunnlag. Nokre har høgt fall og stort nedbørsfelt, mens

andre er teknisk vanskelege og økonomisk dyre å bygge ut. Tidlegare har det vore ein

tommelfingerregel at prosjekt med ein spesifikk utbyggingskostnad på inntil 2 kr/kWh har over

sikkert. Med utviklinga av prisen dei siste åra nærmar nok denne regelen seg 3 kr/kWh.

Tabellen under viser nøkkeltal for dei prosjekta i Fjærland som er rekna til under 3 kr/kWh

(summering er gjort av største alternativ(A eller B)).

Prosjekt

Installasjon

(MW)

Produksjon årleg

middel (GWh)

Utbyggingskostnad

(mill)

Spesifikk

utbyggingskostnad

Berge/Bjåstad B 8,6 35,4 60,9 1,72

Berge/Bjåstad A 9,3 38,2 66,8 1,75

Jordal A 4,8 20,1 36,1 1,80

Jordal B 3,6 15 27,6 1,84

Romøyri 8,5 27,9 58,7 2,11

Lidal 5,7 24 50,9 2,12

Hatlestad 3,2 12,2 27,8 2,28

Mundalselvi 4,28 14,5 33,4 2,30

Horpedalselvi

2,30

4,9 13 29,9

(trinn 2)

Tverrdalselvi 3,61 12,8 31,8 2,48

Sum 44,29 162,7 335,4 2,06

Det er åtte småkraftprosjekt i Fjærland som har godt økonomisk potensiale. Desse har ein venta

samla investeringskostnad over 300 millionar kroner og med ein berekna middelproduksjon på

over 160 GWh vil desse prosjekta med ein snittpris på 0,25,- per kWh selje kraft for over 40

millionar kroner i året.

Den lokale verdiskapinga vil variere både med den generelle økonomien i prosjektet og kor

involvert grunneigar vil vere i prosjektet, men prosjekta vil vere ein stor ressurs som vil kome

lokalsamfunnet til gode. Aktivitet i byggeperioden, auka skatteinntekter til kommunen og direkte

inntekter til fallrettseigar i form av overskot eller fallrettsleige. Sogndal kommune har innført

eigedomsskatt på 0,7% av verdiane i selskapet og i tillegg vert det betalt naturressursskatt til

kommunen (litt av det går til fylkeskommunen) når installasjonen er over kring 5 MW. For dei

fem utbyggingane langs Fjærlandsfjorden er netto nåverdi for inntektene til Sogndal kommune

(og noko til fylkeskommunen) berekna til 58,8 millionar kroner. I indre Fjærland jobbast det med

å opprette eit eige utbyggingsselskap som skal stå for utbyggingane der. Grunntanken er at alle

fallrettseigarar i dei prosjekta som er skissert i denne rapporten for indre deler, skal få tilbod om

å delta som aksjonærar. Dermed vil ressursen verta samla og overskotet fordelt på fleire enn dei

som faktisk nyttar sine fallrettar. Dette er eit viktig tiltak for å sikre busetnad i Fjærland. Det vil og

gjere tilfeldigheitar knytt til ”fordeling” av topografi, nedbørsfelt og andre interesser for dei ulike

fallrettseigarane mindre.

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!