25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

5.0 Samla vurdringar Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

I tillegg til desse prosjekta som er best økonomisk, kan det la seg gjere å bygge ut dyrare

prosjekt både i dag og fram i tid. Mindre prosjekt kor ein fallrettseigar kan gjere mykje av

arbeidet sjølv eller kjem over billeg/brukt utstyr, kan vere rekningssvarande. Det er og knytt

usikkerheit til utviklinga av kraftprisen fram i tid. Prosjekt som er marginale i dag, kan verte

lønsame på sikt og dermed kan fleire prosjekt vere aktuelle fram i tid. I tabellen under er

prosjekta som har ein spesifikk utbyggingspris på inntil 3,50 opplista. Desse kan verte aktuelle

for utbygging fram i tid og nokre er kanskje små nok til at fallrettseigar kan vurdere om det er

mogleg å gjere mykje sjølv.

Prosjekt

Installasjon

(MW)

Produksjon årleg

middel (GWh)

Utbyggingskostnad

(mill)

Spesifikk

utbyggingskostnad

Supphelleelvi 2,59 9,2 28,7 3,12

ved Mikjelstølen

Raudboti B 2,18 7,4 23,2 3,14

Jakopbakka 1,73 6,1 19,9 3,26

Raudboti A 2,58 8,8 28,9 3,28

Bøyaelvi A 5 17,8 58,8 3,3

Tverrdøla 4 14,3 47,5 3,32

Botna B 1,49 5,3 17,9 3,37

Sum 17,39 61,5 201,7 3,28

Dei resterande prosjekta er per i dag ikkje økonomisk rekningssvarande. Fram i tid kan likevel

og desse verte aktuelle, men i tillegg til ein auka kraftpris, har det og vore ein auka kostnad ved

bygging av anlegg dei siste åra. Det skuldast ein generell auke i byggeaktiviteten i Sogn som

landet elles og auka lønningar. Den økonomiske utviklinga framover er usikker og både

inntekter og utgifter knytt til små kraftutbyggingar kan endrast.

5.1.2 Kraftforsyning

Auka forbruk gjer at Noreg ikkje lenger er heilt sjølvforsynte med straum. I periodar importerar

me store mengder straum frå Europa som både har miljømessige konsekvensar og som gjer

oss mindre sjølvstendige. Den omtala kraftkrisa i Midt-Noreg vinteren 2006 er ringverknadar av

overbelasta linjenett og for liten lokal produksjon. Sentrale myndigheiter vil ha ei sterkare satsing

på små kraftverk og utbyggingane er eit bidrag i den samanheng.

Samfunnet i dag er heilt avhengig av elektrisk straum. Ringverknadane ved straumbrot er nok

større i dag enn nokon gong. I tillegg er den generelle straumleveranse veldig sikker og

vanlegvis berre dei mest utsette av privatpersonar og institusjonar har alternativ straumlevering.

Den eksisterande linja frå Sogndalsdalen er ikkje planlagd riven sjølv med ei ny og større linje

inn i området. Dermed har Fjærland ei veldig sikker straumforsyning med to linjer. Dei

eksisterande linjene langs Fjærlandsfjorden (inkludert fjordspennet) er derimot planlagd rivne.

Dette utgjer kring 25 km.

5.1.3 Andre positive synergiar

Den auka lokale verdiskapinga kan gje andre økonomiske ringverknadar. Ny kapital kan nyttast

til auka lokale investeringar og auka aktivitet for det lokale næringslivet. Dette kan gjelde både

dei store næringane i dag, landbruk og turisme, men og ny næringsverksemd.

I tillegg til auka lokal verdiskaping og kapital, vil det gjennom kraftutbyggingane byggast

infrastruktur som kan nyttast i andre samanhengar. Tunnelmassen frå den planlagde utbygginga

i Romøyri er tenkt nytta til bygging av molo og kaianlegg både i Romøyri og Lidal. Det vil kunne

gjere desse stadane meir attraktive i turistsamanheng og for busetnad. Det vil stimulere den

generelle småbåtaktiviteten i fjorden. Infrastruktur som anleggs- og bilvegar vil kunne gjere

område meir tilgjengeleg og meir attraktive. Fleire kan kome lettare opp i fjellet og områda kan

dermed opnast opp for nye grupper av folk. Blant anna vinterstid er vegar opp gjennom skogen

mykje nytta for enklare å kome opp i fjella og sjølv om dei ikkje vert brøyta for bilar.

61

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!