25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2.0 Fjærland Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Naturtypar

Ein naturtype er definert som ei einsarta, avgrensa eining i naturen som omfattar plante- og

dyreliv og andre miljøfaktorar. Under er ein oversikt over registrerte verdifulle naturtypar i

Fjærlandsområdet. Dei fleste ligg i god avstand frå dei planlagde småkraftprosjekta, men nokon

vil kunne verte påverka og her er alle lista opp med omtale (henta frå DN sin Naturbase utanom

Rauboteelvi (vurdert under synfaring av Multiconsult).

Bøyadalen:

Verdi: Registrert (C). (89 daa)

Området ligg i eit gamalt stølsområde fremst i den nordvendte Bøyadalen. Lokaliteten ligg på

glasifluviale avsetningar og skredmateriale. Området er ein mosaikk av naturtypane hagemark

og naturbeitemark. Hagemarka, ein gamal styva bjørkehage, ligg søraust for Bøyafjellstølen og

skrår oppover mot Holten. Bjørkehagen vart siste gong nytta til lauving kring 1940, og sidan har

den einaste aktiviteten her vore beiting. Naturbeitemarka utgjer den nordlege enden av området

og strekkjer seg ned mot elva. Søyleeiner og små bjørker pregar busksjiktet her. Småbiotopar

som steinmurar førekjem i området, og er element som kan ha verdi for det biologiske

mangfaldet. Naturbeitemarka er elles myrlendt med innslag av fuktkrevjande artar.

Særskilde artar: Ingen kjende.

Supphelledalen (aust):

Verdi: Svært viktig (A). (124 daa)

Lokaliteten ligg nær Jostedalsbreen i Supphelledalen, dalføret nordaust for Fjærland. Det er ein

rik gråor flaummarkskog som ligg på breavsetjingar langs sørsida av Supphelleelvi. Flaummarkskogen

er intakt, stor og mogen, med tilgang på død ved, og unge suksesjonsstadium opptrer

særleg i endepunktet ved brua på tidlegare grasmark. Men området er ein mosaikk av fleire

naturtypar som dalsider med (sub) alpine grasmarker, samt høgstaudelier og snøleier.

Soppfloraen i området er lite kjent, men slik gråor sumpskog representerer habitat med lang

skogkontinuitet og ein velutvikla skog- og mykorhiza soppflora. Gråor-spesialistar som lillariske

og Russula pumila (Ryman & Holmåsen 1998) er registrerte innanfor det avgrensa området. I

tillegg er dei nærliggjande engareala sannsynlegvis levestad for beitemarkssopp (XV Nordic

Mycological Congress Sogndal 2000), dvs. soppartar som tåler lite gjødsling og lite attgroing

(Jordal & Gaarder 1995).

Særskilde artar: Følgjande raudlisteartar er registrerte i området: jodoformhette (V), kvit

åmeklubbe (R), skarp orekremle (R), kalkrøyksopp (DC) og glassblå raudskivesopp (DC).

Bøyaøyri naturreservat:

Verdi: Viktig (B) (398 daa)

Området ligg inst i Fjærlandsfjorden ved utløpet av Storelvi. Storelvi har eit stort nedbørsfelt

med fleire sideelvar som har tilsig frå brearmar til Jostedalsbreen. Deltaet er bygd opp av

lausmassar som er tilført området via elvevatnet. Det føregår ei kontinuerleg utbygging av

landområdet. Etter utført elveforbygging vart vatnet leia unna den gamle deltaflata. Dermed kan

ein her snakke om relikte former av eit daudt delta (Statens kartverk 2001b). Likevel har store

delar av land-delen til deltaet framleis formene (gamle elvefar og kilar) intakt, og elva legg opp

avsetningar lenger ute, som i framtida vil danne grunnlag for nye deltaformer. Sjølv om området

ikkje lenger fungerer som eit "levande" delta, har ein att store strandenger, kilar og grunnområde

som ikkje er vesentleg endra dei siste 25 åra. Øyra har fleire nokså klart avgrensa vegetasjonssoner

frå sjøen og inn på land. I kantsonene er det lite trevegetasjon unnateke på dei to

forbyggingsarmane. Ytre delar av deltaet har naturleg strandeng langs vasskantane, og lenger

inne går dyrka mark dels heilt fram til vassfara. Det er til saman registrert 92 fugleartar i

Bøyaøyri, av desse om lag 40 våtmarksfugl. Området har ein særleg viktig funksjon for ande- og

vadefuglar.

Særskilde artar: Nedst er ei sone der fjøresivaks og krypkvein er einerådande. Innanfor veks ei

sone med saltsiv, og førekomst av strandkjempe, strandkryp og gåsemure. Raudsvingel

markerer overgangen til neste sone, med jåblom, pølstorr og rustsivaks. Innanfor dette er to

ulike engsamfunn, truleg avhengig av kor fuktig jorda er. Den eine er representert med tiriltunge,

engsoleie og hanekam. Karakteristiske artar i den andre er mjødurt, blåtopp, småengkall,

slåttestorr og følblom. I ein liten ferskvassump finst store mengder klovasshår.

Registrerte viltartar: Stokkand, vipe, fiskemåse og gråmåse kan opptre i store flokkar, medan

kvitkinngås og taffeland er av dei mange sjeldsynte gjestane. Både stokkand, krikkand, siland,

vipe, tjeld, strandsnipe, raudstilk, enkeltbekkasin, hettemåse, fiskemåse og makrellterne hekkar

eller har hekka i området.

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!