25.01.2015 Views

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

samla vurdering av småkraftverk i fjærland ... - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.0 Overføringslinjer Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

3.0 OVERFØRINGSLINJER

3.1 Infrastruktur for energi i Fjærland

Det har vore kraftproduksjon i Fjærland i nesten hundre år, men Fjærland vart aldri knytt opp til

dei store kraftutbyggingar i etterkrigstida. Med utviklinga av teknologi og auka energietterspurnad

er det i dag mange mindre vassdrag som er aktuelle for kraftutbygging. Utbygging av

linjenettet til Fjærland er ein føresetnad for at det kan byggast ut meir vasskraftverk, men kvar

einskild av desse små kraftverka kan ikkje finansiere ny linje aleine. Derfor må ein planlegge for

kva som vil kome og finne ei løysing på finansiering.

Den nye situasjonen med fleire små kraftverk under planlegging gjer at linjenettet må endrast

radikalt. Frå tidlegare å levere straum til brukarar Fjærland, vert det nå behov for større linjer

som kan føre straum ut av bygda. Når nye linjer skal konsesjonshandsamast av NVE, vert det

kravd at behovet for heile området vert vurdert og teke omsyn til. I mange tilfelle kan det vere ei

stor utfordring å planlegge for eit heilt område når kvar utbygging vert vurdert og planlagde

individuelt. Det er viktig at prosjekt som er/kan vere aktuelle vert med i prosessen med

opparbeiding av infrastruktur. Denne rapporten skal gje eit best mogleg grunnlag for å vurdere

kva som vil kome av kraftutbygging i Fjærland fram i tid og dermed kva behov Fjærland har for

utbygging av infrastruktur.

Høgspentnettet er delt inn i tre; lokalnettet, regionalnettet og det nasjonale nettet. Per i dag går

det ei 22kV linje inn til Fjærland frå Sogndalsdalen som leverar straum til brukarane. Med ein

samla kraftproduksjon på inntil 60 MW i Fjærland, må det byggast ei større linje for å overføre

den samla produksjonen til det regionale og nasjonale nettet for sal. Fram til trafostasjonen vil

krafta overførast på 22kV linjer.

22kV kraftlinje:

- Kraftlinja inn til Fjærland i dag er ei 22kV linje (luft og kabel) og har ikkje

kapasitet til meir overføring av kraft enn dags produksjon i Horpedalen Kraftverk.

- Overføringsevna til 22kV linja er avhengig av kor tjukk lina er. Dagens linje inn til

Fjærland er dimensjonert til bruk i hushaldningar og ikkje tjukk nok til å ta meir

straum ut av Fjærland.

- Planlagd overføring frå alle kraftverka i Fjærland til 132/22 kV transformatoranlegg

på Jordal. Planlagd sjøkabel frå Berge/Bjåstad, Lidal og Romøyri og kabla

TSLE 400 mm 2 frå Hatlestad til Jordal

132kV kraftlinje:

- Regionalt nett til overføring av straum mellom område. Naudsynt for overføring

av større produksjon over lengre avstandar fram til eigna tilkopling til det

nasjonale nettet.

- Kostbare transformatoranlegg gjer att desse linjene må knytast mellom

hovudtyngdepunkt for kraftproduksjon og det nasjonale nettet.

- Grunna kostnadar er det ikkje vanleg å kable kraftlinjer med så stor spenning.

Stolpar er større enn vanleg 22kV, faseavstanden lengre og breiare ryddegate.

Finansiering av store nye linjeløysingar vert ofte ei utfordring då utbyggingsprosjekt ofte er

komne i ulike fasar av planlegginga eventuelt ikkje komne i gong. I Fjærland er dei største

prosjekta langs fjorden planlagd bygd samtidig (fem konsesjonssøknadar frå Småkraft AS) og

desse kan aleine finansiere ei ny kraftlinje. Noko av intensjonen bak denne rapporten er å gje eit

mest mogleg korrekt bilete av kva som vil kome av kraftproduksjon i tillegg til desse slik at

linjeløysing kan tilpassast dette. På den måten kan ei få til ei felles løysing som gagnar heile

Fjærland. Ei seinare oppgradering av linjenettet vil kunne verte veldig kostbart og i praksis

stanse seinare utbyggingar.

Då arbeidet med overføringslinje har skjedd parallelt med denne rapporten, har ein ikkje fått den

endelege omsøkte løysinga før på slutten av arbeidet. Dermed har ein ikkje kunna vurdere

linjealternativa skikkeleg i denne rapporten. Under kjem ei skildring av traseane som vert

omsøkt med nøkkeltal og kva som har vore vurdert.

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!