10.07.2015 Views

2005 - værøya.no

2005 - værøya.no

2005 - værøya.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Neste morgon, 26. januar, var Anders, somvanleg tidleg oppe. Kona, Jonette, haddealt koka kjelen og sett fram maten. I denlune omnsvarmen og duren frå rokken,matstelte Anders seg - og kledde seg vel,før han gjekk ut i den råkalde morgonen.Det knirka under støvlane der han gjekkbort etter den rimfrosne marka. Langt utei aust såg han ei smal strime av dagrenninga.På himmelen elles var det stjerneblenkog ein tynn månesigd.Nede i bua var karane alt ferdige medmorgonstellet og ferdige til å dra på sjøen.Men Anton, ein av karane, seier på vegned til båtstøa:— Han vert vind i dag Anders. E' kjenndet på gikta, ho ha plagd meg i heile natt.— Nå ja, vi får <strong>no</strong> sjå. Anders beit ei skråav tobakksrullen og såg vel etter at alt varkome ombord.Han Ole-Benjamin på grannebåten var altpå farten, og i grålysinga stemde dei utsundet. Ein kunne høyra dei taktfasteåreslaga og riksinga i tollgangane til deivar komne ut om skjera. Der heiste deisegl.Åttringen, ”Gammel Beret”, var hål isjøen og ein god seglar, og snart haddedei teke att dei andre båtane og la dei etterseg - på veg ut mot Røsthavet, der bruketstod.— Held dette fisket seg, så ska da bli nystuapå går'n, sei han Vesle-Johan og dregskinnhuva godt om øyro, - og eit kjolety tilkjerringa i Lofot-gåva, flira Anton, medanhan gnika og gnudde på gikthofta si.Snart såg dei vakaren, og med sterkearmar hanka dei inn bruket.— Sjå her, peika Anders. — Ei digerkveite. Det ska’ ve’ helgakost, kara. Deidrog inn på lina med dei skjemta oggantast etter kvart som fisken kom in<strong>no</strong>ver rekka.Dei hadde mest ikkje ansa at vinden haddeauka den siste halvtimen. Men nå sågdei og ein svart skybanke ute i havet. Hankom ”rullande” i mot dei med stor fart,var det sjåande til.Som slept or ein sekk kom stormen overdei, og himmel og hav sto i eit einastekok. Snøskletta piska og rokkskavlaneheldt på å fylla båten.— Kutt lina! ropa Anders til karane, førein ny sjø kjem veltande! Han visste medseg at nå vert det ein kamp på liv og død.Det var ikkje fyrste gongen han såg havetspela opp, piska til skum av ville stormkast.Ofte hadde det stode om livet i dentid han hadde drevi fiske her. Han fekkleggja roret hardt i sida, så han fekk stamne<strong>no</strong>pp mot veret, og med ein rykk vartdei lyfta over bårekammen.— Hiv overbord fisken, gut, ropa Anders.— Her vert seglas! Sett seks klør i seglet,Anton! Vi må kryss' fjorden i dag! —Han skimta eit segl framfor i snøkoven.— Det var <strong>no</strong>k han Ole-Benjamin.”Gammel-Beret” skok og skovla ibåredalane, og skaut så som ei pil overbårehaugen.68

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!