10.07.2015 Views

2005 - værøya.no

2005 - værøya.no

2005 - værøya.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

naudrop. — Aus gut! Anders sette deikvasse augo sine på han. — Vi vil berg'livet. Men redsla hadde alt grepi ungguten.Han heiv seg over tofta og stridgråt.Då greip Anton tak i trøye-kragen hans ogreiste han opp. — Gjev du deg over nå, erdu ferdig! Aus og hald varmen! Han harsegla før, han Anders!Duren av brott og sjø vart sterkare. Deivar komne inn i leia, men Anders fann detrådlaust å freista koma seg opp motVærøy. Det var berre eitt å gjera: lensaundan veret. Det verka i hendene, ogloven i sjøvotten var heilt utsleten. Antonheiv høgre hands sjøvotten sin til høvedsmannen,og måtte krypa att i romet til ha<strong>no</strong>g halda styrvollen medan Anders skiftavott på høgre handa. Han såg at det alt varopne sår på handbaken til Anders. Antontreiv tollekniven og med eit snitt skar haneit stykke av lerrets-skjorta si og gavAnders til bensel om den såre neven, Hansåg at andletet til høvedsmannen var raudtav sjøsprøyt og snøising. — Kunne deigrei' det? Skulle han enda i ei våt grav?Tankane leika kring heimen og den veslestova. Kva skulle det verta med kona ogborna? — Vi må grei' det Anders! Augolyste feberblanke mot høvedsmannen.Det letna litt i snøkoven, og Anders sågein skimt av Måstadfjella før ein ny kovdamtok sikten bort for dei. Anders freistapå ny å endra kurs. Men det var til fånyttes.Tungbåra braut dei in<strong>no</strong>ver. Dei måttesleppa tanken på å nå heimehamna. Villefjorden var betre enn grunnbrota kringVærøy. Kunne dei greia å segla fjorden,var det ennå ei von om berging.Time etter time gjekk dansen over bårehauganepå den i ville Vestfjorden, der såmange hadde funni si grav.Mørkret seig på. Anders kjende ikkje verkeni hendene meir. Dei var hovne, kjenslelauseog trøtte.Han lydde til båreduren og var på vaktmot kvar mistenksam låt. Han kjende detsom dei mektige naturkreftene leika meddei. Som katten med musa, før han gjevhenne det drepande hogget.I medan auste karane så sveitten dampaav dei våte ullkleda. Båten slingra og lyfteseg på båreryggen, for i neste augneblinkenå verta sendt ned i ein ny, djupbåredal. Ein sjø braut inn ripa på babordsside. Anton såg med eitt at tauget somheldt seglet oppe, var mest avgnage. Medvalne fingrar kutta han av iltauget og surraseglfallen før siste lykkja sprang.Høvedsmannen kunne ikkje lenger sjåkva klokka var. Men han trudde dei snartmåtte vera over fjorden. Han kjende segheilt doven i føtene. Det var som hanvisna av etter kvart.Kulden og svolten kappast om å tappa utdei siste kreftene. Da, som i ein ljosblenk,skimta han land på babord side. Dei had-Dei venta i uvissa…Illustrasjon: Bjørnar K. Meisler70

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!