26.07.2013 Views

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

– Fri leik inn, skjemaveld

22 | UTDANNING nr. 7/12. april 2013

Reportasje

– Leik utan læringsmål er spill

av tid. Det er uvesentleg korleis

barna har det. Slik er det blitt etter

at politikarane gjorde barnelivet

til eit målbart produkt, meiner

forskar og pedagog Jan

Kampmann.

TEKST Ingebjørg Jensen

Psykologen fekk nokre hundre førskulelærarar

i Bergen til å gløde med sitt foredrag om ny forsking

frå han og dei andre forskarane ved Center

for Barndoms-, ungdoms- og familielivsforskning,

Roskilde Universitet i Danmark.

Forskarane har bokstaveleg tala kikka barnehagebarna

over skuldrene. Dei ville sjå barnehagen

frå barnas synsstad. Då er møtet med andre barn

det viktigaste. For ganske snart byrjar barna kartlegging

av roller og posisjonar, og med å orientere

seg i og avkode det barnesosiale landskapet.

– Dei vaksne si rolle er å lage gode rammer, for

å hjelpe barna til eit godt kvardagsliv i barnehagen,

til å fi nne ut kven dei er og kva dei ønskjer å

kunne. Dei vaksne skal vere gode og engasjerte

rekvisitørar, ut ifrå kva barna held på med.

Leiken som «prøverom»

Den sosiale avgrensinga byrjar alt i garderoben om

morgonen: Barna ser seg om og byrjar forhandlingane

om leiken, men først kjem førforhandlingane.

I dei etablerer barna ei fysisk avgrensing

av «leikerommet» og av kven som skal vere med:

– «I dag er det eg som skal vere prinsessa, for du

var det i går». «Om eg ikkje får vere prinsesse, vil

eg ikkje vere med!». Førforhandlingane kan ta frå

10 til 30 minutt. Nokre gonger såg vi at det pedagogiske

personalet blanda seg inn og sa at «alle skal

vere med», eller dei bad ungane slutte å krangle

og tok dei med til fi ngermaling, sa Kampmann.

– Vaksne ser ofte ikkje dei sosiale søkjeprosessane

og dei fi ne utvekslingane barna er inne i

under leiken. Særleg brukar jentene mykje tid på

førforhandlingane. Vi to mannlege forskarar såg

på det med eit typisk mannleg blikk, og tenkte:

«Kvifor i h … kan dei ikkje berre gå i gang med å

leike?» Vi skjøna lettare gutane sine kodar: Dei

møttest om morgonen, og ein sa: «Skal vi leike?».

«Ja!», svara tre gutar. Ein halvtime seinare ropte

ein ut i rommet: «Skal vi leike Zorro?» Så dukka

alle tre opp og sette i gang.

Kampmann er imponert over korleis barna kan

halde gåande eit leikeforløp over lang tid, medan

dei vekslar mellom å vere skodespelarar og regissørar.

– Når dei tar regien, snakkar dei i fortid, til

dømes: «… og så blei babyen frekk…». Men så ser

vi at han som skal vere baby, ikkje har styr på

kodane, og blir frekk før han skal, for så å gløyme

det når han skal. Dei må bli gode på å tileigne seg

kulturelle kodar for å unngå å vere elefanten i

glasbutikken, noko vi vaksne ofte blir. Leiken er

eit «prøverom» der dei leikar med identitetar utan

å bli stilt til ansvar, men det er ikkje «berre leik»:

Dei må heile tida passe på kva dei gjer, så dei ikkje

blir kasta ut! Barna må heile tida avstemme seg i

høve til kvarandre.

Barnehagekamp om verdiar

Kampmann fl yttar så barneperspektivet over frå

livet i barnehagen til barnehagen som kulturell

kamparena.

– I Danmark handla det fram til 1995 berre om

kvantitet. Pedagogane hadde defi nisjonsmakta. No

har politikarane tatt kontrollen gjennom nasjonale

læreplanar, standardiserte formålsparagrafar og

krav til dokumentasjon og evaluering. Læringsretorikken

har tatt over: Vi kan i dag ikkje snakke

om leik utan å kople det til læring. Det nyttar ikkje

at pedagogane seier «vi gjer så mykje spennande

her og barna trivst», om det ikkje er målbart.

Barnet blir redusert til tal. Og problem er usynlege,

dersom dei ikkje er ein målbar verdi. Medan

politikarane talar fi nt om profesjonalisering, skjer

det ein avprofesjonalisering, og ei avlegitimering

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!