26.07.2013 Views

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 07 2013 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fra forbundet

Utdanningsforbundet

Ragnhild Lied | leiar

FOTO TOM-EGIL JENSEN

Lærarrekruttering

Situasjonen i skulen er i ferd med å bli dramatisk.

Følgjegruppa for lærarutdanningsreforma

vil framover granske rekruttering,

fråfall og fagval.

«Følgjegruppa er sterkt uroa for rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga

(GLU). Auken i talet på studentar som

vel GLU er mindre enn den nasjonale studentauken, samtidig

som fråfallet frå utdanninga er stort. Det er vanskeleg å vurdere

eff ekten av Gnist og andre lokale rekrutteringstiltak, då

me ikkje veit kva som ville ha skjedd utan desse tiltaka. Men

det er tydeleg at det samla sett ikkje er nok. Læraryrket må bli

meir attraktivt for å tiltrekkje seg fl eire søkjarar.»

Sitatet er henta frå den siste rapporten (nummer 3) frå Følgjegruppa

for lærarutdanningsreforma. Rapporten vart lagt fram

rett før påske. Kunnskapsdepartementet skal ha ros for at dei

etablerte denne følgjegruppa ved oppstart av lærarutdanningsreforma.

No får dei gode tilrådingar, som byggjer på både observasjonar,

intervju og konkrete undersøkingar.

Den planen følgjegruppa har vedteke for arbeidet sitt, tek

sikte på å følgje nokre tema gjennomgåande for heile perioden.

Dette gjeld rekruttering, fråfall og fagval. Så har dei i tillegg

nokre utvalde tema som vert løfta fram spesielt for kvart

av dei fem åra.

Eg er glad for at rekruttering og fråfall vert granska fortløpande.

Det trengst, fordi situasjonen er i ferd med å bli dramatisk. Skule

og utdanning har vore sentralt tema i alle valkampar sidan

tusenårsskiftet. Slik vil det bli også i det komande stortingsvalet.

Dei politiske partia kappast om å løfte fram viktigheita av gode

lærarar. Likevel har vi store rekrutteringsutfordringar. Ein del

av forklåringa på det er at all velviljen hittil har manifestert seg

meir i ord enn i handling.

56 | UTDANNING nr. 7/12. april 2013

Vi treng 18.000 nye lærarar i løpet av dei neste sju åra. Skal

vi lukkast med det, må det satsast på fl eire tiltak samstundes.

God og heilskapleg strategi for lærarrekruttering må ha

fi re hovudelement: det gjeld rekruttering av gode studentar til

utdanningane, det gjeld tiltak for å sikre at fl est mogleg av desse

studentane vel å fullføre utdanninga, det gjeld tiltak for å sikre

at fl est mogleg av dei nyutdanna vel å ta seg arbeid som lærarar

og det gjeld tiltak for å halde på dei som har starta opp i læraryrket,

både dei nyutdanna og dei som har vore i yrket over tid.

Vårt samfunn treng kompetanse på mange område i åra som

kjem. Ulike grupper er framme i media og peikar på heilt reelle

rekrutteringsbehov. Likevel vil eg hevde at lærarrekruttering

må bli prioritert. Det skuldast at vi er føresetnaden for den

samfunnsmessige kompetanseutviklinga. Legar, ingeniørar,

sjukepleiarar og økonomar har alle starta med grunnleggjande

utdanning av den typen vi tek ansvar for i barnehage og skule.

Lærarane er så å seie grunnmuren i kunnskapssamfunnet.

På somme felt kan vi seie at vi i det minste er på rett veg, sjølv

om vi ikkje på langt nær er nøgde med farta og omfanget. Det er

rett å satse på kvalitetsutvikling i lærarutdanninga. Det er bra at

ordningar med rettleiing av nyutdanna er under oppbygging. Vi

har også tru på at det svarar seg å gjennomføre kampanjar retta

mot ungdom for å fremje interessa for læraryrket.

Det største ansvaret ligg likevel hos kommunane og hos KS.

Læraryrket må bli meir attraktivt, seier følgjegruppa. Dei viktigaste

tiltaka for å oppnå det, handlar om betre løns- og arbeidstilhøve.

Og gevinsten kan bli stor. Som kjent har vi omtrent ikkje

lærarmangel her i landet dersom alle dei som har utdanninga

også tek seg jobb i skular og barnehagar. Det skal vel noko til for

å få fatt i alle. Men om ein erdepart hadde latt seg rekruttere,

ville vi berre med den dekt opp for halvparten av dei 18.000

vi manglar.

«Lærarane

er så å seie

grunnmuren

i kunnskapssamfunnet.»

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!