03.09.2013 Views

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

74 Fortid 1/12

Smyrna

– paradiset som gjekk tapt

Paradise Lost, Smyrna 1922:

The Destruction of Islam’s City of Tolerance

Giles Milton

Sceptre, 2008, Great Britain, 426 sider

På heimsida til Milton kan ein lese at

han ved fleire anledningar har blitt

spurt om han studerte historie ved

universitetet. Dette gjorde han ikkje,

for Milton studerte engelsk litteratur,

alt frå angelsaksiske gåter til E.E

Cummings. Likevel har Milton klart

å skrive fleire historiske bøker som har

blitt populære hjå kritikarane. Nicholas

Bagnall frå Sunday Telegraph

skreiv dette om Paradise Lost: ‘The

informed and scholarly author spares

few details and brings it all alarmingly

alive.’ Uansett om Milton skriv

historiebøker, gir han ikkje seg sjølv

tittelen historikar. Han seier heller at

han er interessert i menneske som har

overlevd og blomstra under dei mest

ekstreme hendingar, og boka Paradise

Lost er ikkje eit unntak.

Hendingane i boka Paradise Lost er

lagt til byen Smyrna, som ligg på

vestkysten til Tyrkia. I følgje Milton

var Smyrna på begynninga av

1900-talet ein by som omfamna fleire

forskjellige nasjonalitetar; ein kunne

finne både britar, franskmenn, grekarar,

armenarar, tyrkarar og amerikanarar.

Når det kom til religion var

byen eit hav av tolmod – muslimar,

kristne og jødar side ved side. Likevel,

i følgje Milton, såg tyrkarane på

Smyrna som «the city of the infidel».

Dette stoppa ikkje Smyrna frå å bli

ein av dei rikaste byane i Tyrkia, som

kom av dei gode ressursane ein kunne

finne rundt byen, og desse ressursane

brukte europearane til sin fordel og

vart nokre av dei rikaste i heile Smyrna.

På grunn av rikdomen Smyrna

satt på, var byen ettertrakta av blant

anna grekarane, og dette ønsket om å

få kontroll over Smyrna var det som

skulle skade byen kraftig i dei fyrste

to tiåra av 1900-talet, og til slutt øydeleggje

paradiset der fleire nasjonalitetar

og religionar kunne bu side ved

side utan problem.

Historia om byen Smyrna er kompleks

og ikkje alltid like enkel å forklare,

men Milton har prøvd, og lykkast.

Han har delt opp hendingane

opp mot brannen i 1922 i tre delar, og

gjennom desse tre delane prøvar han i

fyrstninga å vise korleis levantinarane,

dei med europeisk nasjonalitet, opplevde

opprullinga til fyrste verdskrig,

sjølve krigen, og deretter åra fram til

brannen i 1922. Det andre Milton

prøvar på er å vise kva Storbritannia

og statsministeren, David Lloyd George

hadde å seie for utviklinga i Tyrkia

og Smyrna. Lloyd George si rolle i

kva som skjedde i Tyrkia og Smyrna

er kompleks, men med få ord kan

ein seie at statsministeren var positivt

innstilt til grekarane sitt ønskje om eit

stor-Hellas, som i realiteten inkluderte

delar av Tyrkia, deriblant Smyrna. I

fredsforhandlingane etter fyrste verdskrig

fekk grekarane klarsignal om at

dei kunne gå inn i Smyrna. Tyrkia,

som hadde vore på Tyskland si side

under krigen, fekk no merke korleis

den vinnande part kunne kontrollere

eit av dei tapande landa.

Under krigen hadde tyrkarane utøvd

makt ovanfor nasjonalitetar dei ikkje

følte tilhøyrte i landet, slik som

armenarane. Andre kristne hadde

også fått gjennomgå under krigen, og

då dei fyrste greske troppane landa i

Smyrna i mai 1919, var gleda stor hjå

mange av gruppene i byen. Dei tyrkiske

innbyggjarane av Smyrna var

på den andre sida ikkje glade, og det

hadde dei all grunn til å ikkje vere,

for berre få timar etter dei fyrste troppane

hadde kome til Smyrna vart det

ei regelrett nedslakting av tyrkiske

innbyggjarar. Invasjonen frå Hellas

gjorde at det blussa opp ei motstandsrørsle

med Mustafa Kemal som leiar.

Denne rørsla kjempa innbitt mot dei

greske soldatane. I fyrstninga vann

grekarane mykje territorium, men etter

kvart mista dei taket på Tyrkia, og

i august/september 1922 trakk dei seg

ut av landet. I den tida krigen mellom

dei to landa hadde vart, hadde Hellas

mista ein statsminister og fått tilbake

ein konge. Landet var tydeleg i krise,

og nærma seg konkurs for kvar dag

som gjekk. Brannen i Smyrna skulle

gjere tilstandane i Hellas enda verre.

Då tyrkarane gjekk inn i Smyrna

lova dei ro og fred, men det motsette

hende. For andre gong var det

armenarane som fekk føle tyrkarane

si vreide. Denne gruppa av menneske

vart slakta ned for fote, og heile

kvarteret dei budde i vart ramponert.

Då dei tyrkiske soldatane følte at dei

hadde gjort sitt, sette dei fyr på det

heile. Denne brannen spreidde seg

fort, og alle innbyggjarane i byen vart

regelrett jaga ned til kaia. Dei var

no fanga mellom to onder, elden og

sjøen. Her må det nemnast at Smyrna

hadde fått auka talet av innbyggjarar

grunna krigen mellom Hellas og Tyrkia.

Dette gjorde til at folketalet på

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!