03.09.2013 Views

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

Ben Ali-regimets undergang i Tunisia - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

76 Fortid 1/12

grad vore positivt innstilt til det tyrkarane

gjorde i Smyrna. Milton har

på den andre sida prøvd å skrive frå

eit breiare grunnlag enn tidlegare forfattarar.

Hadde Milton skrive dette i

eit introduksjonskapittel hadde boka

blitt mykje sterkare, og i ein stor grad

meir akademisk.

Med ei eksakt problemstilling er det

enklare å kritisere funna til ein forfattar,

og sidan dette ikkje er tilfelle med

Milton si bok begynner ein å spekulere

i kva han faktisk vil fram til. I det

fyrste kapittelet fær ein ei aning om at

Milton prøvar å sjå på korleis levantinarane

levde under åra før brannen,

men i andre kapittel fær ein eit inntrykk

av at han prøvar å vise kva Storbritannia

hadde å seie for skjebnen til

Smyrna. Ein må faktisk finne fram til

kva Milton vil sjå på i boka, på eiga

hand. Det er klart at dette ikkje gjer

boka dårleg på nokon måte, for måten

Milton klarer å inkludere kva det

politiske hadde å seie for Smyrna og

det sosiale aspektet, gjer boka verdt å

lese. Det kan vere at der er for få kjelder

om livet i Smyrna til at det kan

bli ei eiga bok, men det er ingen tvil

om at det politiske spelet kunne ha

fått rom i fleire bind. Det hadde vore

av interesse å vite kvifor Milton tok

valet å skrive boka på denne måten,

og utan eit introduksjonskapitel blir

det berre spekulasjonar om grunnane

til vala hans. Når han i tillegg

ikkje har inkludert ein konklusjon,

berre eit kapitel kalla «Aftermath»,

blir det også vanskeleg å vite kva

konklusjonar han har kome fram til:

kva innverknad hadde Storbritannia

på skjebnen til Smyrna? Kva konklusjonar

trekkjer han? Det er ingen tvil

om at dette gjer boka meir populistisk

enn akademisk.

Når alt dette er sagt, er det ingen tvil

om at historikarar har noko å lære

frå Giles Milton med tanke på å bli

meir populistisk i sine publikasjonar.

Ein ser meir og meir at journalistar

publiserarar historiske bøker,

og desse bøkene er gode, ingen tvil,

men forfattarane er ikkje historikarar.

Ein historikar ser på historiske

hendingar med eit anna blikk enn

journalistar, vi ser det heile bildet og

kva hendingar har å seie for seinare

hendingar. Vi ser den raude tråden.

Historikarar må ta tilbake det historiske

feltet, både det akademiske og

det populistiske. Å skrive historiske

verk er eit handverk som det tek fleire

år å lære seg, og det er derfor viktig

å vise at det er meir ved historie enn

berre forteljingane. Alle kan skrive

forteljingar, men ikkje alle kan skrive

gode historiske verk.

Som ein som studerer historie, vil eg

seie at det manglar mykje i boka før

at eg kan seie at det er eit historisk

verk, men som allereie argumentert,

meiner eg at historikarar har mykje

å lære frå Milton si bok. Historikarar

må prøve å kome ut til eit større

publikum enn dei få som faktisk er

interessert i det emnet ein skriv om.

Milton har tydelegvis funne denne

vegen, og det er ingen tvil om at dette

er ei godt skrive bok. Måten han brukar

dei forskjellige vitnesbyrda han

har funne, gjer til at ein sit igjen med

grøssingar over kor grufulle menneske

kan vere. Dette gjer igjen til at ein

ikkje vil leggje frå seg boka før ein har

lest siste side.

Janne Cathrin Lyngnes Lillenes,

Masterstudent i Historie, UiO

Kjelder

Milton, Giles, Heimesida,

http://www.gilesmilton.com/paradise-lost--smyrna-1922

(15/01/2012).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!