12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

dessutan tidkrevjande – ikkje minst dersom studentane skal få den tida dei treng til refleksjon,

undring, eiga utforsking, øving, prøving og feiling. Iallfall dei studentane som vil bli lærarar, vil

knapt nok få den hjelpa dei har krav på dersom det ikkje også blir arbeidd med samanhengane,

det tverrfaglege eller det didaktiske. Jf. t.d. understrekinga i nytt læreplanverk for kunnskapsløftet:

Mange element i faget eignar seg for tverrfagleg samarbeid og samspel med lokalsamfunnet

slik at elevane får breiare kompetanse. Læringsarbeidet skal fungere haldningsskapande ut

frå innhaldet i faget og dei overordna måla og prinsippa for opplæringa i skulen.

(Kunnskapsdepartementet 2006:151)

Det er sjølvsagt eit siktemål å utvikle ny kunnskap gjennom eiga forsking. Men må der ikkje også

kunne finnast mykje interessant kunnskap i form av skriftleg materiale, bilete, kart, statistikk m.m.

om ein såpass tydeleg del av ein relativt liten kommune? Kva kan så vera aktuelt, relevant og

interessant? Her er nokre døme på kjennskap til øya som vil kunne vera interessant bakgrunn for

dei fleste enten dei er der som lærarar eller rettleiarar i friluftsliv, i kunst og handverk eller som

forskarar.

Folketellinga 1900 for 1519 Volda 9 fortel oss at “Ved kgl. res. av 8. august 1900, ble det bestemt

at en alminnelig folketelling skulle foretas mandag 3. desember 1900.” Denne viser at i “Krets 1

Øksnø” var der under gardsnummer 1 sju huslydar. Tre av desse budde på bruksnummer 1–3,

mens Bnr. 4 ser ut til å ha vore delt. Eit par budde på Bnr. 3 Øksnø Føderaadsstykke under Gnr.

1. Dessutan var der ein husmannsplass med seks personar Gnr. 1/Bnr. 1. På det aktuelle tidspunktet

var der 38 menneske. Truleg to av desse var der berre mellombels. Jordbruk (“Korn/

potet-utsæd. Kreaturer. Fjørkre. Kjøkkenhage. Frukthage”) ser ut til å ha vore viktig. Men vi ser

at i tre av huslydane er fiske også nemnt. Ein husfar er dessutan “Formand i fyrvæsenet samt

gaardbruger”, mens ein annan er “Gaardbruger fisker skomager”. To andre fører seg opp som

“Fyrarbeider og husmand” og “Fyrarbeider og gaardbruger”. Kvinnene på øya er enten “gaardmannskone,

husmandskone, jordbrugende husmandskone eller føderaadskone”.

Kjem vi i undring over hendingar, stiller spørsmål ved “opplesne og vedtekne sanningar” eller er

kritiske til lettvinte løysingar og lite gjennomtenkte svar eller påstandar, må vel namn i ulike

samanhengar vera ei utfordring. Stadnamn, til dømes, finst over heile landet – ja, over det meste

9 Registreringssentral for historiske data 1900:1f.

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!