12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KVA KAN FORSKING MED UTGANGSPUNKT I YKSNØYA TILFØRE

FAGOMRÅDET KUNST OG HANDVERK I LÆRARUTDANNINGA?

På bakgrunn av det gjennomførte prosjektet på Yksnøya vil eg løfte fram og sjå nærare på nokre

aspekt ved Kunst- og Handverksfaget som vart spesielt utfordra. Det er naturleg i denne samanhengen

å fokusere på nokre meir overordna og store omgrep og la dei meir tematiske opplevingsog

handverksmessige emna ligge. I samband med å utvikle Basen og Yksnøya som lærings- og

forskingsarena vart det arrangert ein konferanse på øya under Forskingsdagane 2006. Hovudtalar

var Liv Merete Nilsen, professor i Kunst og Handverk ved Høgskolen i Oslo. Hennar oppdrag

var å problematisere og kaste lys over forsking i praktiske og estetiske fag. Arbeidsmåtane vi

prøver ut er i spenningsfeltet mellom kunstfagleg forsking og pedagogisk utviklingsarbeid. Det

sentrale frå begge formene er at refleksjonen går inn som ein viktig komponent. I kunstfagleg

forsking må det også vere problemstillingar og systematisk utprøving, og i tillegg må ein

reflektere over eige skapande arbeid, for deretter å sette den nye innsikta inn i faglege samanhengar.

Den formingsfaglege forskinga omhandlar mykje det same, men skilje seg frå kunstforskinga

med at sistnemnde har eit didaktisk hovudaspekt. I denne samanhengen vil det bli å sjå

nærare på sider ved pilotprosjektet som vart gjennomført, trekke fram enkelte moment som kan

vere naturleg å sjå nærare på og i vidare arbeid sette i gong meir systematisk arbeid omkring dei

aktuelle tema innafor faget. Tradisjonelt er vi gode på å oppleve og å utøve, det ligg godt forankra

i faget. Det har vore mindre fokusert på refleksjon, artikulering og omgrepsdanning. For å utvikle

desse delane må vi forsøke å teoretisere og setje noko i system.

Det har vore eit ønskje i fagmiljøet i Kunst og Handverk at undervisninga innafor samtidskunsten

skulle bli tydelegare, meir omfattande og meir tilgjengeleg for lærarstudentane. Samtidskunsten

utfordrar tilskodaren på heilt nye måtar, mange kunstverk krev faktisk at tilskodaren tek

del i kunsten. Dette krev kunnskap og evne til refleksjon for å forstå. Kva skal til for at dette skal

skje? Med dette som utgangspunkt kom følgjande underspørsmål opp: I kva grad kan Yksnøya vere

realiseringsarena for utvikling av læringsstrategiar innafor kunst og visuell kommunikasjon?

Samtidskunsten i lærarutdanninga

Den viktigaste rolla til samtidskunsten er å forstyrre, uroe det etablerte borgarskapet, slik har det

vore til alle tider. Ein epoke vert avløyst av ei ny og der utfordraren står i opposisjon til det

etablerte. Samtidskunsten som avantgarde uttrykk har alltid vore til ein viss grad utilgjengeleg for

samtida. Dette er og har vore kunstens vesen gjennom alle tider. Den mest markante skilnaden på

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!